Obtenez une réponse de cet employeur
Votre CV et votre lettre de motivation, adaptés exactement à ce que l’employeur recherche.
Vindafjord kommune Heimetenesta søkjer ein soneleiar som kan leia og utvikla tenestene i indre sone. Du vil vere med i leiarskapet og ha hovudansvar for dagleg drift, fag og personal, samt økonomistyring og utvikling av tenestene.
Du blir ein del av leiarteamet, og vil leia fleksible medarbeidarar med høg fagkompetanse. Stillinga gir moglegheiter for etter- og vidareutdanning og samarbeid med engasjerte kollegaer.
Stillingstittel Vil du leia og utvikla heimetenestane i indre sone?
Gode heimetenester handlar om å skapa tryggleik for menneske som bur heime – og om å gi medarbeidarane gode rammer for å gjera ein viktig jobb.No søkjer Vindafjord kommune ein soneleiar som vil leia medarbeidarane og vera med på å utvikla tenestene i indre sone. Her får du kombinera leiing, fag og utviklingsarbeid, og du blir ein del av leiarteamet i heimetenesta.
Som soneleiar har du ansvar for dagleg drift, fag, personal og bidra til god økonomistyring. Du skal sikra forsvarlege tenester, leggja til rette for eit godt arbeidsmiljø og bidra til god bruk av ressursane.Me ser etter deg som er trygg og tydeleg, samarbeider godt og finn løysingar når behova endrar seg.Stillinga er på dagtid, fast og i 100 %. Med ansvar for både heimetenesta og praktisk bistand i indre sone.
Indre sone er ei av to soner i heimetenesta i Vindafjord kommnune. Indre sone gir heimetenester til innbyggjarar i Bjoa, Ølensvåg, Ølen, Sandeid, Vikedal og Imsland. Du får leia fleksible medarbeidarar med høg fagkompetanse og eit godt arbeidsmiljø.
Me er opptekne av korleis velferdsteknologi kan gjera kvardagen betre for både brukarane og medarbeidarane. Som soneleiar får du vera med på å ta i bruk og utvikla nye løysingar.

Kva får du jobba med hos oss?Personlege eigenskapar:
Me ser etter deg som:
Personlege eigenskapar og evne til å utøva god leiing vert vektlagde.
Andre opplysninger:Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kennen seg trygge her hos oss.
Helsefagarbeidar korttid/ rehabiliterings avdelinga