Une candidature complète en une minute
Un CV et une lettre de motivation personnalisés, prêts à envoyer.
Vindafjord kommune i Vats opnar ei moderne symjehall og søker badevaktar med ansvar for reinhald og tryggleik. Du vil arbeide 20% fast, først og fremst ettermiddag/kveld og helger, og du kan også vikariere for dag-, kveld- og helgevakter.
Arbeidet inneheld reinhald av hall og garderober, billettering og god kundeservice. Vi tilbyr god opplæring, støtte frå kollegaer og moglegheit for å bli med i lokalt kor og andre tilbod i kommunen.
Vindafjord kommune driftar ein ny og flott symjehall i Vats. Det er to basseng, sklie, badstue og flotte fellesområde, samt fasilitetar for tilsette. Vi treng no fleire badevaktar som skal bidra til tryggleik og gode opplevelsar for besøkjande, og at symjehallen skal bli eit felles samlingspunkt for heile kommunen. Du må like å jobbe i team og det er viktig å bidra der det trengs for å sikre god drift av symjehallen.
Vi har behov for ein fast stilling på ca 20% med arbeidstid ettermiddag/kveld og helger. Me har og behov for deg som kan vera vikar til dag, kveld og helgevakter. Skriv i søknaden kva som er aktuelt for deg.
Du må vere over 18 år og framvise gyldig politiattest.Opplæring vil bli gitt, men du må vere symjedyktig og kunne dykke ned på botn av basseng. Dersom du har relevant erfaring og utdanning er dette positivt, men ikkje naudsynt. Du blir gitt førstehjelpskurs og livredningskurs før tiltreding.
Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.