Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Vindafjord kommune søker lærarar til ungdomstrinn og barne- og ungdomstrinn i ulike fag. Tilsette vil få ein trygg, inkluderande arbeidsplass med høge faglege krav og rom for å veksa som pedagog og kollega.
Tilsette er del av eit sterkt fagmiljø som løftar kvarandre, og det blir gitt mentor for nyutdanna lærarar. Det er godkjent politiattest og nødvendig helse- og sikkerheitsrutiner er på plass.
Me har ledig 1 fast stilling på ungdomstrinnet på 100 %. Me treng og vikarar i til saman 250 % stilling på barne- og ungdomstrinn for tilsette som skal ut i fødselspermisjon. Lengd på vikariat vil vere på omlag 1 år med mogleg forlenging. Me søkjer særleg etter undervisningskompetanse i musikk, engelsk og matematikk, men og andre fag kan vere aktuelle. bli ein del av flokken vår i Vikedal og hjelp oss å skapa tryggleik, meistring og læringsglede for elevane våre. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt fellesskap der me løftar kvarandre, deler erfaringar og utviklar praksis saman. Her får du rom til å vera deg sjølv – og til å veksa, både som pedagog og kollega.
Me har som mål at Vikedal skule skal vera "ein god stad å vera, ein god stad å læra". Elevar som kjenner seg trygge, sett og forstått har eit godt utgangspunkt for læring og utvikling – både sosialt og fagleg. Me legg vekt på gode relasjonar, trygge rammer og eit inkluderande miljø for både elevar og vaksne.
Kvalifikasjonar:
Dine personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering
Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.
Vil du bidra til ein trygg og god kvardag for barna våre?