A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Vindafjord kommune søker familieterettelege for eit engasjement ved Vindafjord Helsestasjon og tilknytta tenester. To midlertidige vikariat frå snarast og fram til 31.12.27, med moglegheit til forlenging, i eit breitt og erfaringsrikt team.
Arbeidet omfattar kliniisk arbeid med foreldrerettleiing og familiesamtalar, vidare utvikling av endringstiltak i familiar, og dokumentasjon som rapportering til barnevernet. Ein viktig del av rolla er samarbeid med andre instansar i kommunen og helsevesenet.
Me søkjer no etter dei rette personane til rolla somfamilierettleiar. Her får DU muligheiten til å jobbe i eit team med brei kompetanse og god erfaring. Stillingane er to midlertidlege vikariat frå snarast og fram til 31.12.27 (med mogligheit til forlenging).
Vindafjord Helsestasjon og Etne Vindafjord barnevernteneste skipa i 2017 eit felles familieteam som yter heilskapelege og spesialiserte tenester etter helselovgivinga til dei familiane som ynskjer det, samd endringstiltak og fosterheimsoppfølging etter barnevernlova. Ein legg vekt på samarbeid med dei andre barne- og familietenestene.
Familieteamet er organisert under eining helse og har arbeidsstad på Rådhuset.
Vindafjord Helsestasjon og Etne Vindafjord barnevernteneste skipa i 2017 eit felles familieteam som yter heilskapelege og spesialiserte tenester etter helselovgivinga til dei familiane som ynskjer det, samd endringstiltak og fosterheimsoppfølging etter barnevernlova. Ein legg vekt på samarbeid med dei andre barne- og familietenestene. Familieteamet er organisert under eining helse og har arbeidsstad på Rådhuset.
Me vektlegg gode kommunikasjonsferdigheter. At ein likar å jobbe med mennesket, å vera ein omsorgsperson og ha gode samarbeidsevner. At du er engasjert og tillitsvekkande. Ein vektlegg også evnen til å vera klartenkt og tydeleg, samt å jobbe i prosess.
I arbeidet i familieteamet møter ein menneske i kriser og ein involverar seg i komplekse familiesituasjonar. Då er det viktig at ein kan vera omsorgsfull og tydeleg, og at ein evnar å handtere og tåle konfliktar og sterke kjensler.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten - her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.