A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Katrine Kleppe i Alver kommune tilbyr eit 100% vikariat som sjukepleiar i heimetenesta. Perioden er frå november 2026 til april 2027 med moglegheit for forlenging. Søkjarar med autorisasjon blir prioritert, men sjukepleiarar frå heimesjukepleien kan også søke.
Arbeidsoppgåver inkluderer ei variert arbeidskvardag, sjølvstende, tverrfagleg samarbeid og dokumentasjon i Profil. Vi legg vekt på fagleg utvikling og godt arbeidsmiljø.
Vi har ledig eit 100 % vikariat som sjukepleiar perioden november 2026 til april 2027. Det kan vere moglegheit for forlenging av vikariatet ved behov.
Helsefagarbeidarar kan og søke på stillinga, men sjukepleiarar vil bli prioritert.
Er du klar for ein variert arbeidskvardag med stor grad av sjølvstende, fagleg utvikling og tett samarbeid?
Vi søkjer ein engasjert sjukepleiar til heimesjukepleien. Avdelinga samarbeider tett med omsorgsbustadene på Ostereidet, og vi har ei ordning med «sjukepleiar på topp». Dette inneber at sjukepleiarane samarbeider på tvers av avdelingane og bidreg med fagleg støtte der behovet er størst.
Som sjukepleiar hos oss får du arbeide med sjukepleiefaglege prosedyrar, fagleg oppfølging og administrative oppgåver. Du vil og vere tett på den daglege drifta og følgje opp brukarar i heimesjukepleien.
Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og jobbar tett med ulike fagmiljø for å gi best mogleg oppfølging og omsorg.
Dei siste åra har vi satsa mykje på velferdsteknologi og kvardagsmeistring. Dette gjer oss til ein spennande arbeidsplass i kontinuerleg utvikling. Alle utførte tenester skal dokumenterast i Profil.
Ostereidet heimeteneste er ei avdeling med høg fagleg kompetanse og engasjerte, dyktige medarbeidarar. Avdelinga har eit stort geografisk ansvarsområde som strekkjer seg frå Mundal til Dykolbotn, med avstikkarar til mellom anna Veland og Dalsgrend.
Hos oss får du spanande, varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit fagleg og inkluderande arbeidsmiljø.
Ein som trivst med å arbeide sjølvstendig.
Du har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø.
Du er løysingsorientert og fleksibel.
Du er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga.
Du har ønskje om å bruke faget til det beste for brukarane våre.
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Bli kjent med Alver kommune!