Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Kvernhusmyrane bufellesskap i Knarvik søker to engasjerte helgestillingar for natt og dag. Bustaden er døgnbemanna og tenestene vert levert i kommunal regi hos Alver kommune.
Arbeidsoppgåvene inkluderer omsorg, legemiddelhandtering og dokumentasjon, med fokus på tryggleik og god kvardag for bebuarane. Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lovverk; autorisert helsefagarbeidar vert prioritert, og fleire med relevant erfaring kan også søkje.
Kvernhusmyrane 18, 5914 Isdalstø
Me har ledig to helgestillingar:
Kvernhusmyrane bufellesskap ligg sentralt i Knarvik og er heim for seks personar med ulik grad av funksjonsnedsetjing. Bustaden er døgnbemanna.
Målet vårt er å tilby tenester av høg kvalitet og bidra til ein trygg, meiningsfull og best mogleg kvardag for kvar einskild bebuar.
Det er eit føremon med erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming og adferd som utfordrer
Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa.
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Habiliteringstenester i Alver kommune gjevtenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Habiliteringstenester i Alver kommune gjevtenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Helsefagarbeidar/sjukepleiarstudent 14 - 20 % fast helgestilling - Ostereidet omsorgsbustad pluss