Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Alver kommune søker sjukepleiarar til 100% fast stilling i todelt turnus ved Lindås bu- og servicesenter. Arbeidet inkluderer omsorgsoppgåver og medisinsk behandling av bebuarar, samt rettleiing av studentar, elevar og kollegaer.
Vi søker fagleg trygge søkjarar med gode norskkunnskapar, sans for struktur og gode digitale ferdigheiter. Turnusen er variert, og vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, ei plattform for utvikling og god pensjonsordning.
Vi søkjer ettersjukepleiarar til 100 % fast stilling i todelt turnus. I utgangspunktet er dettearbeid kvar 3. helg, men om du ønskjer kandet vere moglegmed arbeid kvar 4. helg i langvakter.
For eksterne søkjarar tilbyr vi rekrutteringstillegg påkr 50.000,- mot to års bindingstid ved tiltreding.
Lindås bu- og servicesenter er ein sjukeheim sentralt på Lindås med plass til 25 bebuarar, fordelt på 17 somatiske plassar og 8 skjerma plassar for personar som lever med demens.
Her jobbar det ein triveleg gjeng med godt humør og stort engasjement for eldreomsorg. Vi tilbyr ulike formar for aktivitet og underhaldning for våre bebuarar som bingo, konsertar, trim og mykje meir.
Vi har ein flott hage som er til stor glede for både bebuarar og tilsette.
For tida er det om lag 40tilsette ved Lindås bu- og servicesenter.
Som sjukepleiar ved Lindås bu- og servicesenter skal du yte omsorgsfull og fagleg forsvarleg helsehjelp i tillegg til medisinsk behandling av bebuarane ved sjukeheimen. Du vil også rettleiestudentar, elevar, lærlingar og kollegaer.
Vi søkjer ein fagleg trygg sjukepleiar med gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg. Du bør ha gode digitale ferdigheiter og evne til å strukturere både eigen og andre sin arbeidskvardag i tråd med dei krav som vert stilt til tenesta. God gjennomføringsevne, fleksibilitet, rolleforståing og ei løysningsorientert tilnærming er viktig i ein travel arbeidskvardag. Relevant videreutdanning er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
Du har ein djup lidenskap for eldreomsorg og ønskjer å bidra til å utvikle sjukeheimstenesta til det beste for bebuarar og kollegaer. Som ein sjølvstendig medarbeidar samarbeider du effektivt med andre. Du utøver yrket ditt med samvit og omsorg.
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Bli kjent med Alver kommune