A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Vestland fylkeskommune søkjer lærar til eit vikariat i engelsk og samfunnskunnskap ved Voss vidaregåande skule. Engelsk ca. 24% og samfunnskunnskap ca. 20% av arbeidskvardagen.
Krav: høgskule-/universitetsutdanning, praktisk-pedagogisk utdanning og undervisningskompetanse (60 stp) i dei to faga. Du kjenner deg igjen i verdiane våre: openheit, kompetentheit og modigheit. Ein ny og moderne skule og gode utviklingsmoglegheiter står til rådigheit.
Voss vidaregåande skule ligg vakkert til ved Lundarvatnet i Skulestadmoen og er ein moderne skule med om lag 400 elevar og om lag 120 tilsette. Skulen har fem utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, restaurant- og matfag, naturbruk og teknologi- og industrifag. Skulen har òg ei eiga avdeling for tilrettelagt undervisning. Voss vgs arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen slik at tilbodet til kvar enkelt elev skal bli det beste moglege. Skulen har høge ambisjonar og har som mål å vere mellom dei leiande skulane innanfor programområda dei tilbyr. Ved Voss vgs har me fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med lokalt og regionalt næringsliv.
Sjå meir informasjon om skulen på heimesida vår.
Me søkjer ein lærar til eit vikariat i engelsk og samfunnskunnskap for tilsetjing snarast.Engelsk ca. 24% og samfunnskunnskap ca. 20%.
Me søkjer etter ein person som har:
høgskule-/universitetsutdanning,
praktisk-pedagogisk utdanning og
undervisningskompetanse (60 st.p.) i dei to faga
Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.
Du er målretta og systematisk og set eleven si læring og utvikling fremst.
Du er flink til å samarbeida og er interessert i faga.
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.