An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Voss herad søkjer ein utviklingsorientert skuleleiar til Bulken skule i 100 % stilling. Rektor blir ein synleg leiar som driv skulen framover og skaper eit trygt og inkluderande læringsmiljø.
Du har relevant utdanning, rektorutdanning eller leiarerfaring, og gode digitale ferdigheiter. Du må kunne leie endringsprosessar og samarbeide tett med tilsette, elevar og føresette.
Bulken skule har i dag 90 elevar og om lag 14 tilsette.Skulen ligg flott plassert med Vangsvatnet som næraste nabo og ei mil frå Voss sentrum.
Voss herad søkjer ein utviklingsorientert og kvalitetsbevisst skuleleiar i 100 % stilling som vil bidra aktivt til å utvikle Bulken skule, med målsetjinga av at alle elevar skal oppleve meistring og læring kvar dag.Me søkjer etter ein utviklingsorientert leiar som oppteken av å skape gode, framtidsretta, inkluderande og trygge skulemiljø, i ein skulekultur der alle trekkjer i same retning. Som rektor må du kunne sjå samanhengar, sjå moglegheiter på tvers av fag og vere ein pådrivar i endrings- og utviklingsarbeid.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.