A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Voss herad søkjer ein sjukepleiar til rehabiliteringsavdelinga ved Hagahaugen. Turnusbasert arbeid med dag- og nattevakt, der ein inngår i eit tverrfagleg team som fokuserer på pasientmåla og god dokumentasjon.
Du vil bidra i legemiddelhåndtering, journalføring og tiltaksplanar, og arbeide etter eit årsturnusprinsipp som sikrar føreseieleg arbeidstid og kontinuitet for brukarane. Norsk autorisasjon og gode norskkunnskapar er krav.
Hagahaugen rehabilitering er ein døgnbemanna avdeling der ein jobbar tett i tverrfagleg team.
På Hagahaugen finn du fysio/ergo avdeling, dagavdeling, friskliv og meistring samt døgnbemanna rehabiliteringsavdeling.
Stillinga gjeld for rehabiliteringsavdelinga og er to-delt då me har nattevaktsordning.
Det tverrfaglege rehabiliteringsteamet fokuserer på : "Kva er viktig for deg?" Me vektlegg at pasient når måla sine.
Som sjukepleiar i Voss herad vil du få moglegheit til å verta ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette.
Me har eit godt arbeidsmiljø og høg trivsel. Me arbeider etter årsturnusprinsippet som sikrar føreseieleg arbeidstid for dei tilsette, og kontinuitet for våre brukarar. Som tilsett kan du påverka arbeidsrotasjonen din.
Vikaratet er ledig frå 04.01.27 til 30.11.27 med mogleg forelnging.
Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing, samt arbeids- og opphaldstillatelse.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som innehold namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt.