A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Anne Grete Vik i Stord søker autorisert sjukepleiar til heimebaserte tenester og eit sterkt fagmiljø. Arbeidet inkluderer pleie og omsorg heime hos pasientar og samarbeid med pårørande og andre helseverksemdar for å sikre god og trygg heimbehandling.
Me tilbyr fleksible turnusar og god opplæring, slik at du kan påverke eigen turnus og utvikle faglege kompetansar i eit utviklingsorientert sluggish miljø. Inkluderer vidare et vern om offentleg teneste og trygg pensjon.
Vil du vere med og forme framtida for heimebaserte tenester?
Er du sjukepleiar og klar for nye utfordringar i eit fagleg sterkt og framtidsretta miljø? Då vil me gjerne ha deg med på laget vårt!
Hos oss får du ein meiningsfull jobb i eit fagleg sterkt og støttande miljø, der du får brukt kompetansen din til det fulle og vere med på å utvikle framtidas tenester til heimebuande.
Me er ei eining i utvikling og jobbar aktivt for å møte framtida med ny organisering, ansvar- og oppgåvedeling. For å styrkje fagmiljøet har me samla alle sjukepleiarane våre i eit eige Sjukepleiar- og meistringsteam, der samarbeid, fagleg refleksjon og kollegastøtte står i sentrum.
Me har ledig 5 x 100 % stillingar for autoriserte sjukepleiarar i vårt Sjukepleiar- og meistringsteamMe tilbyr arbeidstidsordning etter avtale. Alternativa er:
Hos oss får du:
Målet vårt er at innbyggjarane skal kunne bu trygt og godt heime, og vere mest mogleg sjølvstendige i eige liv.
Me er også i gang med å etablere vår eiga sjukepleieklinikk, der brukarar kan få tenester som sårstell, injeksjonar, oppfølging av ernæring og andre planlagde sjukepleiefaglege tenester.
Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4
Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.
Me gler oss til å høyre frå deg!
Offentleg søkjarliste
Dersom søkjar ønskjer å verte unnateken frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast i søknaden. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verte oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ønskje om reservasjon ikkje vert teke til følgje.