Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Voss helsestasjon- og skulehelseteneste søker ei 100% vikariathelsesjukepleiar frå 01.01.27 til 01.01.28. Tenesta tilbyr helsetenester til gravide, flyktningar, asylsøkjarar og barn og unge i skulemiljøet.
Tilsette inngår i eit BTI-samarbeid og får fagleg utvikling, gode pensjonsordningar og forsikringsordningar. Søkar bør ha autorisert helsesjukepleiar og sjølvstendig arbeidsevne samt god norskkompetanse.
Voss helsestasjon- og skulehelseteneste har ledig 100% vikariathelsesjukepleiarstilling frå 01.01.27 - 01.01.28 - dato for oppstart kan avtalast nærare ved tilsetting.
I tenesta vår jobbar merkantil, fysioterapeut, jordmødre, helsesjukepleiarar og legar. I lokala våre på Knutepunktet har me helsetenester til gravide, flyktningar og asylsøkjarar, helsestasjon 0-5 år, skulestartundersøkingar og helsestasjon for ungdom. I tillegg har me skulehelseteneste tilstades ute til barne-og ungdomsskulane, og til dei to fylkeskommunale vidaregåande skulane på Voss.
Me søkjer deg som har eit sterkt engasjement for førebyggjande og helsefremjande arbeid, og som ønskjer å bidra til at barn og unge får gode oppvekstvilkår.
Voss herad er ein BTI-kommune (Betre tverrfagleg innsats). Som tilsett hjå oss, arbeider du i tråd med BTI-modellen og bidreg aktivt til godt tverrfagleg samarbeid til beste for barn, unge og familiane deira.
Voss helsestasjon- og skulehelseteneste har ledig 100% vikariathelsesjukepleiarstilling frå 01.01.27 - 01.01.28 - dato for oppstart kan avtalast nærare ved tilsetting.
Helsestasjon og skulehelsetenesta er organisert under kommunalavdeling Oppvekst i Barne- og familietenesta, saman med PPT, Barneverntenesta, Kommunepsykologane, Integreringstenesta og Barne og familietenesta. Tenestene er samlokaliserte i Knutepunktet, sentralt i Voss sentrum. Andre aktuelle samarbeidspartar i bygget er BUP, Kommunelegekontor, Psykisk helse & rus og NAV.
I tenesta vår jobbar merkantil, fysioterapeut, jordmødre, helsesjukepleiarar og legar. I lokala våre på Knutepunktet har me helsetenester til gravide, flyktningar og asylsøkjarar, helsestasjon 0-5 år, skulestartundersøkingar og helsestasjon for ungdom. I tillegg har me skulehelseteneste tilstades ute til barne-og ungdomsskulane, og til dei to fylkeskommunale vidaregåande skulane på Voss.
Me søkjer deg som har eit sterkt engasjement for førebyggjande og helsefremjande arbeid, og som ønskjer å bidra til at barn og unge får gode oppvekstvilkår.
Voss herad er ein BTI-kommune (Betre tverrfagleg innsats). Som tilsett hjå oss, arbeider du i tråd med BTI-modellen og bidreg aktivt til godt tverrfagleg samarbeid til beste for barn, unge og familiane deira.
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
Ledige stillingar for helsefagarbeidare ved Voss sjukehus