A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Voss helsestasjon- og skulehelseteneste søkjer ei engasjert helsesjukepleiar til eit 100% vikariat frå 01.01.27 til 01.01.28 (startdato kan avtalast). Me tilbyr helsetenester til gravide, flyktningar, 0–5 år, skulestartundersøkingar og ungdomshelse, med eit sterkt fagmiljø i Knutepunktet.
Du vil bidra til førebyggjande arbeid, tverrfagleg samarbeid og god oppfølging av barn og unge i Voss kommune. Godkjend utdanning og interesse for samarbeid er avgjerande for stillinga.
Voss helsestasjon- og skulehelseteneste har ledig 100% vikariathelsesjukepleiarstilling frå 01.01.27 - 01.01.28 - dato for oppstart kan avtalast nærare ved tilsetting.Ta gjerne kontakt for meir informasjon.
I tenesta vår jobbar merkantil, fysioterapeut, jordmødre, helsesjukepleiarar og legar. I lokala våre på Knutepunktet har me helsetenester til gravide, flyktningar og asylsøkjarar, helsestasjon 0-5 år, skulestartundersøkingar og helsestasjon for ungdom. I tillegg har me skulehelseteneste tilstades ute til barne-og ungdomsskulane, og til dei to fylkeskommunale vidaregåande skulane på Voss.
Me søkjer deg som har eit sterkt engasjement for førebyggjande og helsefremjande arbeid, og som ønskjer å bidra til at barn og unge får gode oppvekstvilkår.
Voss herad er ein BTI-kommune (Betre tverrfagleg innsats). Som tilsett hjå oss, arbeider du i tråd med BTI-modellen og bidreg aktivt til godt tverrfagleg samarbeid til beste for barn, unge og familiane deira.
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.