A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Aasentunet i Ørsta ønskjer ein vertskapsansvarleg frå 1. januar 2027 til 30. juni 2027 i 100% stilling.
Du må ha fagbrev i sal, reiseliv eller tilsvarande fagområde og erfaring frå liknande arbeid. Kassasystem, oppgjør, varebestilling og lagerteljing blir vurdert som fordeler, og det blir grundig opplæring for alle tilsette.
Er du ein initiativrik og serviceinnstilt person? Vil du vere med å leggje til rette for gode kulturopplevingar for eit variert publikum? Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, har ledig vikariat som vertskapsansvarleg ved Aasentunet i Ørsta frå 1. januar til 30. juni 2027, i 100% stilling.
Vi søkjer deg med fagbrev i sal, reiseliv eller innan tilsvarande fagområde og kompetanse. Erfaring fra liknande arbeid kan kompensere for formell kompetanse. Det er ein fordel om du har erfaring med kassasystem, oppgjer, varebestilling og lagerteljing.
Den som blir tilsett må rekne med nokre reiser i tillegg til noko helge- og kveldsarbeid. Alle nye medarbeidarar får grundig opplæring. Hos oss nyttar alle nynorsk i skriftleg kommunikasjon.
På grunn av permisjonar og fleire store prosjekt, treng vi fleire tilsette i ein periode.
Vikariatet er ledig frå 1. januar 2027. Kontorstad er i resepsjonen i Aasentunet i Ørsta.
Museumsleiar er nærmaste overordna i eit triveleg og tett arbeidsmiljø. Vi tilbyr ein idémyldrande bedriftskultur og engasjerte kollegaer, ein ryddig organisasjon, ei romsleg fleksitidsordning, medlemskap i Statens pensjonskasse som inkluderer avtalefesta pensjon, og gruppelivsforsikring. Løn i samsvar med det lokale lønssystemet vårt. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke.
Aasentunet er eit av få språkmuseum i Norden. Her kan barn og vaksne oppleve språk, litteratur, arkitektur, kunst og musikk. Aasentunet er ei avdeling i Nynorsk kultursentrum.
Stiftinga Nynorsk kultursentrum, musea for nynorsk skriftkultur, forvaltar, formidlar og forskar på nynorsk språk og litteratur. Dette skjer både digitalt, og i form av arrangement og utstillingar i heile landet og ved dei tre musea våre: Vinjesenteret i Vinje, Haugesenteret i Ulvik og Aasentunet i Ørsta.