Consigue una respuesta de este empleador
Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.
Setesdalsmuseet i Setesdalsregionen søkjer ein strukturert, ansvarsfull og løysingsorientert administrasjonskonsulent til eit 1-års 100% vikariat i Setesdalsmuseet på Rysstad. Stillinga gjev ei sentral rolle i den daglege drifta og krev sjølvstende arbeid med ansvar innan fleire fagfelt.
Du vil samarbeide tett med dagleg leiar og resten av organisasjonen, prioritere oppgåver og vere fleksibel i møte med skiftande behov.
Setesdalsmuseet er ei avdeling i Aust-Agder museum og arkiv. No søkjer vi ein strukturert, ansvarsfull og løysingsorientert administrasjonskonsulent i 1 års 100% vikariat. Vil du ha ei sentral rolle i den daglege drifta av Setesdalsmuseet?
Stillinga passer for deg som trivst med varierte oppgåver, likar å ha oversikt og tar ansvar for at både små og store oppgåver blir følgde opp.
Som administrasjonskonsulent får du ei sentral rolle i den daglege drifta av museet. Du vil arbeide sjølvstendig med eigne ansvarsområde, samtidig som du samarbeider tett med dagleg leiar og resten av organisasjonen. Arbeidskvardagen varierer gjennom året, og det er viktig at du kan prioritere, planlegge og tilpasse deg skiftande behov. Fleire oppgåver gir rom for å vere kreativ. Arbeidsstad er Setesdalsmuseet på Rysstad, og målform er nynorsk.
Administrasjon
Personleg eignaheit vil bli tillagd svært stor vekt. Vi ser etter deg som er trygg i rolla di, tek ansvar og bidreg til at organisasjonen fungerer godt i kvardagen.
Det er viktig at du både kan arbeide sjølvstendig og vere ein god lagspelar. Vi treng ein person som skaper tillit, følgjer opp avtalar og bidreg til kontinuitet og god drift.
Moglegheit for fast tilsetting.