A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Aasentunet i Ørsta søkjer ein strukturerad og skrivefør rådgivar for administrasjon og kommunikasjon i ein viktig prosjektperiode for nasjonal kulturinstitusjon. Du vil jobbe tett med leiing og kollegaer om administrasjon, kommunikasjon og publisering.
Stillinga gir ansvar for planlegging, personaloppgåver og formidling av arrangement. Fleksibel arbeidstid og eit inkluderande arbeidsmiljø i Fehn-bygget blir tilbydd.
Er du ein strukturert og skrivefør administrator med interesse for kultur, språk og organisasjonsutvikling? Nynorsk kultursentrum søkjer ein allsidig medarbeidar som vil arbeide med både administrasjon og kommunikasjon i ein viktig prosjektperiode for organisasjonen.
har relevant høgare utdanning innan anten administrasjon, økonomi, kommunikasjon eller tilsvarande arbeidsområde
har erfaring frå administrativt arbeid, økonomi og/eller kommunikasjon
har erfaring med digitale verktøy og publiseringsløysingar, gjerne med kjennskap til Adobe
Det er ein fordel med erfaring frå kulturverksemder, offentleg sektor, forskingsinstitusjonar, reiseliv eller andre kunnskapsorganisasjonar.
Vi ønskjer at du:
har relevant høgare utdanning innan anten administrasjon, økonomi, kommunikasjon eller tilsvarande arbeidsområde
har erfaring frå administrativt arbeid, økonomi og/eller kommunikasjon
skriv godt på nynorsk
har erfaring med digitale verktøy og publiseringsløysingar, gjerne med kjennskap til Adobe
Det er ein fordel med erfaring frå kulturverksemder, offentleg sektor, forskingsinstitusjonar, reiseliv eller andre kunnskapsorganisasjonar.
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som:
arbeider sjølvstendig og strukturert, og held orden på detaljane
er løysingsorientert og samarbeider godt med andre
kan veksle mellom fleire oppgåver i løpet av ein arbeidsdag
har god formidlingsevne både skriftleg og munnleg
har interesse for språk og kultur
Hos oss får du høve til å bruke din kompetanse om administrasjon og kommunikasjon, og bidra til å styrkje og utvikle ein nasjonal kulturinstitusjon.
Stillinga omfattar mellom anna:
administrativ støtte til leiing og organisasjonen mellom anna med personaladministrative oppgåver
planlegging og publisering av innhald på nettsider og i sosiale medium
medverknad til markedsføring av arrangement og formidlingstiltak
Du vil samarbeide tett med kollegaer innen administrasjon og kommunikasjon. Avdelinga gjennomfører overordna oppgåver for heile organisasjonen, forvaltar offentlege regelverk og interne rutinar og prosedyrar. Administrasjonssjef er nærmaste overordna.
Du kjem til eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer i eit unikt og prislønt Fehn-bygg. Vi har fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida.
Nynorsk kultursentrum er ei sjølvstendig stifting som arbeider for nynorsk skriftkultur gjennom vitskapleg og kulturfagleg aktivitet som aukar kunnskapen og medvitet om nynorsk skriftkultur nasjonalt og internasjonalt. Stiftinga eig og driv tre museum: Aasentunet i Hovdebygda (Ørsta kommune), Haugesenteret i Ulvik (Hardanger) og Vinjesenteret i Vinje (Telemark).
Stiftinga er finansiert over statsbudsjettet og av vertsfylka og -kommunane våre i tillegg til andre tilskot, gåver og kommersielle inntekter.
Stiftinga er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke. Alle nye medarbeidarar får nødvendig opplæring. Vi nyttar nynorsk i all kommunikasjon.
Fleire opplysningar om stillinga får du hos administrasjonssjef Gaute Øvereng, tlf. 47 33 41 44.