Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Aasentunet i Ørsta søkjer ein kreativ formidlar i 50% stilling frå 1. januar 2027 til 30. juni 2027. Du vil formidle nynorsk språk og litteratur til barn og ungdom, og du må like å snakke framfor større grupper, vere organisert og ha god kjennskap til engelsk.
Hovudoppgåvene er planlegging og gjennomføring av tilboda Les for livet, Snakk om språk og Bli kjend med Ivar Aasen, samt omvisingar ved besøka. Løn følger lokalt lønsnivå og Aasentunet er ein del av Nynorsk kultursentrum.
Er du idérik med sans for både formidling, pedagogikk og struktur? Vil du skape gode og artige opplevingar med nynorsk historie, språk og litteratur for barn og ungdom? Aasentunet søkjer vikar i 50% stilling som formidlar fra 1. januar 2027 til 30. juni 2027.
Vi ønskjer oss ein kreativ og sjølvstendig formidlar, og gjerne nokon med relevant utdanning og pedagogisk erfaring. Røynsle frå museum eller andre formidlingsinstitusjonar kjem godt med. Du bør trivast med å jobbe i høgt tempo, like å snakke framfor større grupper, ha sans for orden og system, vere stø i nynorsk og ha god kjennskap til engelsk.
Hovudoppgåvene som formidlar i Aasentunet vil vere planlegging, organisering og gjennomføring av dei faste tilboda for barn og ungdom: Les for livet, Snakk om språk og Bli kjend med Ivar Aasen. Formidlaren har også ansvar for omvisingar ved barnehage-, skule- og gruppebesøk.
Museumsleiar er nærmaste overordna i eit triveleg og tett arbeidsmiljø. Vi tilbyr ein idémyldrande bedriftskultur og engasjerte kollegaer, ein ryddig organisasjon, ei romsleg fleksitidsordning, medlemskap i Statens pensjonskasse som inkluderer avtalefesta pensjon, og gruppelivsforsikring. Løn i samsvar med det lokale lønssystemet vårt. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke.
Aasentunet er eit av få språkmuseum i Norden. Her kan barn og vaksne oppleve språk, litteratur, arkitektur, kunst og musikk. Aasentunet er ei avdeling i Nynorsk kultursentrum.
Stiftinga Nynorsk kultursentrum, musea for nynorsk skriftkultur, forvaltar, formidlar og forskar på nynorsk språk og litteratur. Dette skjer i form av arrangement og utstillingar i heile landet og på ulike digitale flater, og ved dei tre musea våre: Aasentunet i Ørsta, Haugesenteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje. Vi når om lag 100 kommunar i heile landet med arrangement og utstillingar kvart år.