Erhalte eine Antwort von diesem Arbeitgeber
Dein Lebenslauf und dein Anschreiben, genau auf das zugeschnitten, was gesucht wird.
Sengepost Medisin 2 ved SNR i Helse Møre og Romsdal HF søker engasjerte tilkallingsvikarar for grunnleggjande pleie og omsorg til akutt og kronisk sjuke medisinske pasientar. Du bidreg til observasjon, oppfølging og dokumentasjon av pasientforløp, og utfører praktiske oppgåver på sengeposten.
Vi tilbyr eit inkluderande arbeidsmiljø, grundig opplæring og tett oppfølging frå erfarne kollegaer, samt god vekst i tverrfagleg samarbeid. Søknadsfrist 02.12.2026.
Sengepost Medisin 2 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Vi søkjer no etter engasjerte og pålitelege tilkallingsvikarar til sengeposten vår.
Sengepost Medisin 2 ved SNR omfattar fagområda lungemedisin, indremedisin og fordøyingssjukdommar. Hos oss møter du pasientar med ulike og samansette behov, og får vere med på å gi heilskapleg behandling, pleie og omsorg i eit tverrfagleg miljø.Du blir ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt team som er oppteke av samarbeid, kvalitet og kompetanseutvikling. Som tilkallingsvikar får du god opplæring og tett oppfølging frå erfarne kollegaer, slik at du kan kjenne deg trygg i rolla.
Arbeidskvardagen er variert, og du får høve til både fagleg og personleg utvikling. Arbeidsmiljøet vårt er prega av respekt, samarbeid og engasjement, og vi ønskjer å skape ein arbeidsplass der alle kjenner seg verdsette og inkluderte.
Høyrast dette spennande ut?
Sjekk instagram @medisin2.snr for eit innblikk i arbeidskvardagen vår!
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her .
Mathilde Stranden,Seksjonsleiar,+47 71 11 69 92, Mathilde.Stranden@helse-mr.no
Opdølvegen 4
6450Hjelset
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5198742480
Stillingsprosent: 0%
Tilkalling/Timebasis
Søknadsfrist: 02.12.2026
Sengepost Medisin 3 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Psykosebehandling SNR, Helse Møre og Romsdal HF