Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) i Hjelset søkjer ein engasjert sjukepleiar til ei 100 % nattstilling ved sengeposten Psykosebehandling SNR. Du vil vere ein del av eit fagmiljø som fokuserer på god behandling av pasientar med psykose og med tett tverrfagleg samarbeid.
Vi ser etter ein sjølvstendig fagperson som kan bidra til kontinuerleg kvalitet og utvikling, og som er motivert for å setje pasientane i sentrum i ei nyoppretta sengepost med 11 senger.
Søknadsfrist 16.11.2026
Stillingar 1
Tilsetjingsform Fast
Stillingsprosent 100
Webcruiter-ID 5203651430
Sjukepleiar Psykosebehandling SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Ved sengeposten Psykosebehandling SNR søkjer vi ein engasjert, fagleg trygg og sjølvstendig sjukepleiar, til ei 100 % nattstilling.
Som nattvakt hos oss vert du ein del av et godt fag- og arbeidsmiljø, som legg til rette for god behandling av pasientar med alvorleg psykisk liding.
Vi ønsker deg som vil vere ein pådrivar i behandlinga av pasientar med psykose og vil delta i utviklinga av eit framtidsretta behandlingstilbod.
Den nyoppretta sengeposten tilby spesialisert behandling til pasientar med psykoseproblematikk. Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og fagleg utvikling.
Sengeposten Psykosebehandling SNR ligg i det nye psykiatri- og habiliteringsbygget på Hjelset, og er ein lukka sengepost med 11 sengeplassar. I sengeposten har vi ei bredt samansatt personalgruppe, som driv både med utgreiing av psykoseproblematikk og ulik behandling (medikamenter, samtaleterapi, fysisk aktivitet/trening, turgrupper og miljøterapeutisk tilnærming).
Søknadsfrist 16.11.2026
Arbeidsgivar Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel Sjukepleiar
Stillingar 1
Heiltid / Deltid Heiltid
Tilsetjingsform Fast
Stillingsprosent 100
Webcruiter-ID 5203651430
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Norge
Ingunn Romundstad Innerdal
Seksjonsleder
E-post: ingunn.romundstad.innerdal@helse-mr.no
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal