Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Møre og Romsdal søker engasjerte tilkallingsvikarar til Sengepost Medisin 2 ved SNR. Arbeidet krev fagkompetanse innan lungemedisin, indremedisin og fordøyingssjukdommar, med godt tilpassa opplæring og tett oppfølging frå erfarne kollegaer.
Du blir del av eit inkluderande og sterkt fagmiljø som vektlegg samarbeid, kvalitet og kompetanseutvikling. Stillinga gir rom for både fagleg og personleg utvikling i eit hyggeleg arbeidsmiljø.
Vi søkjer no etter engasjerte og pålitelege tilkallingsvikarar til sengeposten vår.
Sengepost Medisin 2 ved SNR omfattar fagområda lungemedisin, indremedisin og fordøyingssjukdommar. Hos oss møter du pasientar med ulike og samansette behov, og får vere med på å gi heilskapleg behandling, pleie og omsorg i eit tverrfagleg miljø.Du blir ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt team som er oppteke av samarbeid, kvalitet og kompetanseutvikling. Som tilkallingsvikar får du god opplæring og tett oppfølging frå erfarne kollegaer, slik at du kan kjenne deg trygg i rolla.
Arbeidskvardagen er variert, og du får høve til både fagleg og personleg utvikling. Arbeidsmiljøet vårt er prega av respekt, samarbeid og engasjement, og vi ønskjer å skape ein arbeidsplass der alle kjenner seg verdsette og inkluderte.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal