A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Møre og Romsdal HF i Hjelset no söker ein engasjert og fagleg trygg sjukepleiar til ei 100% nattstilling ved Sengeposten Psykosebehandling SNR. Du blir ein del av eit godt fag- og arbeidsmiljø som legg til rette for god behandling av pasientar med alvorleg psykisk liding.
Vi satsar på tverrfagleg samarbeid og fagleg utvikling. Den nyoppretta sengeposten tilbyr spesialisert behandling og ligg i det nye psykiatri- og habiliteringsbygget. Søknadsfrist 16.11.2026.
Ved sengeposten Psykosebehandling SNR søkjer vi ein engasjert, fagleg trygg og sjølvstendig sjukepleiar, til ei 100 % nattstilling.
Som nattvakt hos oss vert du ein del av et godt fag- og arbeidsmiljø, som legg til rette for god behandling av pasientar med alvorleg psykisk liding.
Vi ønsker deg som vil vere ein pådrivar i behandlinga av pasientar med psykose og vil delta i utviklinga av eit framtidsretta behandlingstilbod.
Den nyoppretta sengeposten tilby spesialisert behandling til pasientar med psykoseproblematikk. Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og fagleg utvikling.
Sengeposten Psykosebehandling SNR ligg i det nye psykiatri- og habiliteringsbygget på Hjelset, og er ein lukka sengepost med 11 sengeplassar. I sengeposten har vi ei bredt samansatt personalgruppe, som driv både med utgreiing av psykoseproblematikk og ulik behandling (medikamenter, samtaleterapi, fysisk aktivitet/trening, turgrupper og miljøterapeutisk tilnærming).