Erhalte eine Antwort von diesem Arbeitgeber
Dein Lebenslauf und dein Anschreiben, genau auf das zugeschnitten, was gesucht wird.
Mathilde Stranden søkjer etter engasjerte tilkallingsvikarar til Sengepost Medisin 2 ved SNR i Møre og Romsdal. Du vil delta i grunnleggjande pleie og observasjon av akutt og kronisk sjuke pasientar, med tett oppfølging frå erfarne kollegaer i eit inkluderande tverrfagleg miljø.
Høve til fagleg og personleg utvikling, godt arbeidsmiljø med fokus på samarbeid og tryggheit i rolla. Søkjar må vere norskautorisasjon og kunne bidra aktivt i teamet.
Ønskjer du ein meiningsfull ekstrajobb?
Vi søkjer no etter engasjerte og pålitelege tilkallingsvikarar til sengeposten vår.
Sengepost Medisin 2 ved SNR omfattar fagområda lungemedisin, indremedisin og fordøyingssjukdommar. Hos oss møter du pasientar med ulike og samansette behov, og får vere med på å gi heilskapleg behandling, pleie og omsorg i eit tverrfagleg miljø.Du blir ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt team som er oppteke av samarbeid, kvalitet og kompetanseutvikling. Som tilkallingsvikar får du god opplæring og tett oppfølging frå erfarne kollegaer, slik at du kan kjenne deg trygg i rolla.
Arbeidskvardagen er variert, og du får høve til både fagleg og personleg utvikling. Arbeidsmiljøet vårt er prega av respekt, samarbeid og engasjement, og vi ønskjer å skape ein arbeidsplass der alle kjenner seg verdsette og inkluderte.
Høyrast dette spennande ut?
Sjekk instagram @medisin2.snr for eit innblikk i arbeidskvardagen vår!
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her .
Mathilde Stranden,Seksjonsleiar,+47 71 11 69 92,Mathilde.Stranden@helse-mr.no
Opdølvegen 4
6450Hjelset
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5198742480
Stillingsprosent: 0%
Tilkalling/Timebasis
Søknadsfrist: 02.12.2026