A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Rong Arbeidssenter tilbyr ei 77% vikariat som miljøarbeidar frå 01.11.2026 til 22.08.2027. Stillinga er kombinert bufellesskap og arbeidssenter, med årsturnus og varierte vakter inkludert kvar 4. helg.
Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar eller relevant fagbrev, gjere deg kjent med lovpålagte krav og ha gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Sertifikat klasse B er påkrevd. Vi søkjer ei fleksibel og løysingsorientert person som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Ternholmtunet bufellesskap og Rong Arbeidssenter yt tenester til personar med psykisk utviklingshemming og ulike bistandsbehov.
Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, der trivsel, sjølvbestemming, tillitsskapande arbeid og meistring er viktig. Vi er ein tverrfagleg personalgruppe med vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar. Stillingen vil vera kombinert bufellesskapet og arbeidssenter.
Vi har no ledig 77% vikariat som miljøarbeidar fra 01.11.2026 til: 22.08.2027
Vi har årsturnus med arbeid på dag, kveld og langvakter. Og arbeid kvar 4. helg.
Avdelingsleiar: Åshild Erstad Hagen
Mobil: 909 43934
Øygarden kommuneønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads-eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.