Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Øygarden kommune søkjer fagarbeidar til Pollhaugen, eit butiltak der 9 bebuarar bur i eigne bustader. Du vil bidra med miljøarbeid, rettleiing og praktisk bistand, samt dokumentasjon i fagjournal og koordinering av tenester.
Arbeidsskift med langvakter og helg, krav om erfaring med autisme, legemiddelhandtering og norsk språk. På sette ved behov for barne- og ungdomsarbeidarfaga; samarbeid og utvikling står i fokus.
Pollhaugen er eit butiltak med 9 personar som bur i eigne bustader. Bebuarane har varierande hjelpebehov og diagnosar. Pollhaugen ligg sentralt i Straumeområdet, nær offentleg transport og kommunedelssenteret.
Målsettinga vår er å bidra til at kvar enkelt bebuar får ein aktiv og meiningsfull kvardag der trivsel, sjølvråderett og meistring står sentralt. Vi er ei tverrfagleg personalgruppe med vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pleiemedarbeidarar

Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagde.
Øygarden kommuneønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.