Tenestestadsleiar Høyanger

Spørsmål om elektronisk søknad/ CV

Høyanger

On-site

NOK 800,000 - 860,000

Full time

5 days ago
Be an early applicant
Application generator

A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Pensjonsordning

Job summary

Spørsmål om elektronisk søknad/ CV søker ein modig og sjølvstendig leiar til fast stilling som politioverbetjent og tenestestadsleiar ved Høyanger politistasjon. Stasjonen er ein del av Sunnfjord-tenesta og samarbeider med tilgrensande område.

Du må byggje sterke relasjonar, ha god personalomsorg og vere motivasjonsskapande. Leilegheiter og beredskap er del av oppgåvet, og du vil delta i betydningsfulle operasjonelle oppgåver ved behov.

Qualifications

  • Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
  • Brei politifagleg erfaring
  • Kjennskap til systematisk HMS arbeid
  • God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
  • God IT- og systemkompetanse
  • God munnleg og skriftleg framføring
  • Ha IP4-godkjenning, eller vere kvalifisert og villig til å gjennomføre dette
  • Plettfri vandel og eiga fortenest for teneste i politiet

Responsibilities

  • Personal-, HMS-, og resultatansvar for tenestestaden
  • Ansvar for administrativ og politifagleg oppgåver med høg kvalitet og i samsvar med lover og reglar
  • Rettleie og følgje opp tilsette slik at dei har kunnskap og held å levere tryggleiken
  • Vere politikkontakt og samarbeide med kommune og eksterne partnarar
  • Delta i vakt- og beredskapsteneste og utføre etterforskingsarbeid
  • Mediekontakt for eige ansvarsområde
  • Delta i tenesteeininga si leiargruppe og bidra til heilskapleg tenking

Skills

Lederskap
Strategisk tenking
Personalomsorg
Motivasjon
Kompakt grensesnitt

Education

Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen

Tools

IT- og systemkompetanse

Job description

Om stillinga

Ved geografisk driftseining Sogn og Fjordane i Vest politidistrikt, er det ledig ei fast stilling som politioverbetjent med funksjon som tenestestadsleiar ved Høyanger politistasjon. Høyanger politistasjon er del av tenesteeining Sunnfjord, som har ansvar for polititeneste i kommunane Høyanger, Sunnfjord, Gloppen, Fjaler, Askvoll, Hyllestad, Bremanger og Kinn (sør). Stasjonen samarbeider også med tenesteeining Sogn om polititeneste i Balestrand kommune. I tillegg til tenestestadsleiar, har Høyanger politistasjon for tida fem tilsette.

Vi søker ein modig og sjølvstendig leiar med vilje til å skape gode resultat gjennom strukturert arbeid og høg gjennomføringsevne i eit heilskapleg perspektiv. Du må kunne bygge gode relasjonar, ha god personalomsorg, vere motiverande og inkluderande, samt ha evne til å rettleie medarbeidarane dine.

Geografisk driftseining Sogn og Fjordane består av tre tenesteeiningar, i tillegg til ein eigen etterforskingsseksjon. Driftseininga har kombiteneste med utvida aktiv teneste og beredskapsvakt. Det blir utført patruljeteneste, førebyggende arbeid og etterforsking ved alle tenestestadane. Sivile oppgåver er i hovudsak lokaliserte til hovudkontora for tenesteeiningane.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebygge og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søker derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter ein engasjert og tydeleg leiar som ønskjer å vere med og utvikle tenestestaden og skape gode resultat. Du evnar å kombinere struktur og gjennomføring med god personaloppfølging, og du motiverer medarbeidarane dine til å levere arbeid av høg kvalitet.

Du byggjer sterke relasjonar, utviklar teamet ditt og legg til rette for læring og kontinuerleg forbetring. Du er løysingsorientert, trygg i avgjerder og arbeider strategisk for å vere i forkant av kriminaliteten.

Du har høg etisk medvit, bidreg positivt til samarbeidet rundt deg, og trivst i ein variert kvardag der du også deltek i beredskap og operativt politiarbeid ved behov.


Arbeidsoppgåver
  • Personal-, HMS-, og resultatansvar for tenestestaden
  • Ansvar for at administrative og politifaglege oppgåver ved tenestestaden blir utførte med høg kvalitet og i samsvar med gjeldande lover, reglar og instruksar
  • Du skal rettleie og følgje opp dine tilsette slik at dei har kunnskap, ferdigheiter og haldningar som tek hand om tryggleiken ved tenestestaden
  • Vere politikontakt og utføre aktivt kriminalitetsførebyggande samarbeid med kommune og andre eksterne samarbeidspartnarar.
  • Bidra aktivt til at politiet i all si verksemd er i forkant av kriminaliteten
  • Følge opp føringar og avgjerder med fokus på å skape resultat med høg måloppnåelse innan gitte fristar
  • Oppfølging av straffesaker ved tenestestaden
  • Funksjon som pårørandekontakt
  • Delta i tenesteeininga si leiargruppe og bidra til heilskapleg tenking og gode, framtidsretta løysingar i eininga
  • Motivere og utvikle medarbeidarar
  • Tilrettelegge for kunnskapsbasert læring og systematiske forbetringar
  • Delta i vakt- og beredskapsteneste og utføre etterforskingsarbeid saman med dei andre polititilsette ved tenestestaden
  • Mediekontakt for eige ansvarsområde
  • Andre oppgåver pålagd av overordna

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
  • Brei politifagleg erfaring
  • Kjennskap til systematisk HMS arbeid
  • God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
  • God IT- og systemkompetanse
  • God munnleg og skriftleg framføring
  • Ha IP4-godkjenning, eller vere kvalifisert og villig til å gjennomføre dette

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste for å kunne bli tilsett i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før ei eventuell tilsetjing. Ved å søkja på stilling i politiet, så samtykkjer du til at det vil bli gjort ei skikkavurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.

Det er også ønskjeleg med:

  • Utdanning innan organisasjon og leiing helst på høgskule/universitetsnivå og/eller leiarerfaring blir vektlagt
  • Erfaring innan førebyggande verksemd blir vektlagt
  • Kjennskap til politiets planleggings- og styringsverktøy er ein fordel

Personlege eigenskapar
  • Gode evner til å setje retning, drive endring og bidra til god
    verksemdsutvikling
  • Løysingsorientert med evne til å ta avgjerder og skape resultat
    i eit heilskapleg perspektiv
  • Vere ein tydeleg og tilgjengeleg leiar med evne til å vise god
    personalomsorg og motivere sine medarbeidare
  • Evne til å bygge relasjonar og samhandle internt og eksternt
  • Samfunnsorientert med forståing for eininga si rolle i
    samfunnsoppdraget til politiet

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig ogheilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her .


Dette kan vi tilby om du vel oss
  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forme framtidas politi
  • Stilling som politioverbetjent med funksjon som tenestestadsleiar (stillingskode 0287) , blir lønna frå kr 820.000 brutto per år. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant annet gode pensjons- og forsikringsordninger (www.spk.no)

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc
Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Namsfullmektig/førstekonsulent
Namsfullmektig/førstekonsulent

Thomas Hammervold • Ålesund

On-site
NOK 530,000 - 590,000
Statens pensjonskasse
Fleksibel arbeidstid
Trening i arbeidstida
+1
Sør-Øst politidistrikt søker Oppdragsleder
Sør-Øst politidistrikt søker Oppdragsleder

Inge Omli Landsrød • Tønsberg

On-site
NOK 617,000 - 754,000
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Gode arbeidsbetingelser
Seksjonsleder
Seksjonsleder

Øyvind Aas • Drammen

On-site
NOK 864,000 - 1,056,000
Gode arbeidsbetingelser
Pensjonsordning i Statens pensjonskass
Har du lyst til å være med å lede utviklingen av operativt politiarbeid på nasjonalt nivå?
Har du lyst til å være med å lede utviklingen av operativt politiarbeid på nasjonalt nivå?

Jørn Olav Schjelderup • Oslo

Hybrid
NOK 1,250,000 - 1,350,000
Statens pensjonskasse
Gode arbeidsbetingelser
Regnskapsmedarbeider
Regnskapsmedarbeider

Therese Hopmark • Kristiansund

On-site
NOK 550,000 - 700,000
Medlemskap i Statspensjonsordning
Fleksibel arbeidstid
Enhetsleder for Felles enhet for utlending og forvaltning
Enhetsleder for Felles enhet for utlending og forvaltning

Christian Stensrud • Oslo

On-site
NOK 1,300,000 - 1,450,000
Synlighet i ledelsen
Statens pensjonskasse
Stor kontaktflate
Politibetjent 3/2 Trafikktjenesten
Politibetjent 3/2 Trafikktjenesten

Oslo politidistrikt • Oslo

On-site
NOK 530,000 - 680,000
Politioperatør, pb 3/2/1 - Seksjon for operasjonssentral
Politioperatør, pb 3/2/1 - Seksjon for operasjonssentral

Erik Ugland • Oslo

On-site
NOK 510,000 - 700,000
TA/SA avhører politioverbetjent event politibetjent 3/2
TA/SA avhører politioverbetjent event politibetjent 3/2

Cathrine Langfeldt Druglimo • Tønsberg

On-site
NOK 555,000 - 720,000
Politibetjent 3/2/1 - etterforskningGDE Sauda/Suldal og Etne/Vindafjord
Politibetjent 3/2/1 - etterforskningGDE Sauda/Suldal og Etne/Vindafjord

Sør-Vest politidistrikt • Sauda, Ølen

On-site
NOK 540,000 - 700,000
Pensjonsordning i staten
Treningsrom for ansatte
Vakkert lokalt friluftsliv