Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Fonna HF i Haugesund søker ein studiesjukepleiar som kan delta i planlegging, gjennomføring og avslutning av kliniske behandlingsstudiar. Du vil følgje opp pasientar som deltek i studiar, gjennomføre konsultasjonar, dokumentere forskingsdata og bidra til monitorering av pågåande studiar. Stillinga er 50% og startdato 22.02.2027.
Vi tilbyr grundig opplæring, eit godt arbeidsmiljø og fleksibel arbeidstid.
Forsking har som mål å få fram ny og nyttig kunnskap som skal styrke tilbodet vi gir våre pasientar, og er ei av hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta.
Kliniske behandlingsstudiar gir pasientar tilgang til ny og utprøvande behandling, som elles ikkje er tilgjengeleg. Dette er eit satsningsområde både nasjonalt, regionalt og i Helse Fonna. Vi har eit særskilt fokus på å auke talet på kliniske behandlingsstudiar og talet på pasientar som deltek i studiar. I kliniske behandlingsstudiar får pasientar tilgang til utprøvande behandling som har til hensikt å førebygge, diagnostisere, behandle eller lindre sjukdom.
Helse Fonna arbeider i team rundt kliniske behandlingsstudiar og studiesjukepleiarane har ei svært viktig rolle i teama. Vi søkjer nå etter ein studiesjukepleiar som kan bidra inn i team i ulike fagområder. Det vil være mogleg å utvide stillingsstorleiken ut frå behov og arbeidsmengde.
Hos oss er det viktig at du:
Karmsundgata 120
5528HAUGESUND
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5211893951
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 22.02.2027
Søknadsfrist: 13.12.2026