Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Anne Mathilde Henden Kvamme ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen søker ein engasjert rådgivar innan kliniske studiar. Du blir ein sentral støttespelar for fagmiljøa i Helse Vest og rettleiing gjennom heile prosjektløpet, frå planlegging til trygg gjennomføring.
Stillinga tilhøyrer Seksjon for forsking og innovasjon (FoI). Arbeidet krev kvalitet, systematisk arbeidsflate og tett samarbeid med forskarar og industrien.
Vil du arbeide med kliniske studiar og løfte medisinsk forsking i sjukehusa?
Vi søker etter ein engasjert og dyktig rådgivar innan kliniske studiar. Kliniske studiar er eit prioritert satsingsområde ved sjukehusa i Helse Vest, og det er eit auka behov for forskingsstøtte til fagmiljøa. Hos oss blir du ein sentral og verdifull samarbeidspartnar for fagmiljøa i regionen, og får ei nøkkelrolle i å rettleie og støtte forskarane gjennom heile prosjektløpet – frå planlegging og oppstart til trygg gjennomføring. Slik bidreg du direkte til at studiane held høg kvalitet og følgjer strenge nasjonale og internasjonale regelverk.
Stillinga ligg til Seksjon for forsking og innovasjon (FoI) ved Forskings- og utviklingsavdelinga. FoI har ansvar for støtte- og rettleiingstenester innan forsking for alle sjukehusa i Helse Vest, og innan innovasjon for Haukeland universitetssjukehus. Seksjonen har ca. 55 medarbeidarar med høg kompetanse på ulike fagområde innan medisin, helsefag, kommunikasjon, jus, økonomi og forvaltning.
Vi søker personar med høg arbeidskapasitet, nøyaktigheit og fleksibilitet, som trivst med å handtere ulike og varierande oppgåver. Som Clinical Research Associate / monitor vil du ha ei viktig rolle i kvalitetskontrollen av kliniske studiar.
Anne Mathilde Henden Kvamme,Fagleiar,90655238,anne.mathilde.henden.kvamme@helse-bergen.no
Haukelandsveien 22
5021Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5209977838
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026