Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Fonna HF i Haugesund søkjer 100% dagstilling som Sjukepleiar/Vernepleiar med vidareutdanning innan psykiatri, til eldre pasientar med psykiske lidingar. Du får tett samarbeid med poliklinikk og sengepost, og fokus på kartlegging og undervisning.
Vi tilbyr fagleg vekst, undervisning og støtte frå eit inkluderande fagmiljø mellom sengepost og kommunehelsetenesta.
Stillingstittel Sjukepleiar / Vernepleiar med videreutdanning innan psykiatri
Har du lyst til å gjere ein forskjell?
Vi har ledig ei 100 % dagstilling ved poliklinikken vår, og søkjer deg som ønskjer å bidra til best mogleg utgreiing, behandling og oppfølging av eldre pasientar med psykiske lidingar og samansette utfordringar. Hos oss møter du menneske med ulike behov og livshistorier. Arbeidet krev fagleg tryggleik, gode samarbeidsevner og evna til å sjå mennesket bak sjukdommen. Kvardagen kan vere krevjande, men du står aldri åleine. Vi støttar kvarandre, deler kunnskap og finn gode løysingar saman. Du blir ein del av eit inkluderande og engasjert fagmiljø, der kvalitet, utvikling og samarbeid står i sentrum. Vi legg til rette for fagleg vekst gjennom undervisning, fagdagar og tett samarbeid med både sengepostar og kommunehelsetenesta. Ønskjer du å gjere ein forskjell for eldre pasientar, samtidig som du utviklar deg fagleg? Då håpar vi å høyre frå deg
Du vil mellom anna arbeide med:
Det er ein fordel om du har:
Hos oss er det viktig at du:
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Hos oss får du:
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Doreen Halleland,Avdelingsleder, doreen.halleland@helse-fonna.no
Karmsundgata 120
5528HAUGESUND
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5185060987
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.11.2026
Søknadsfrist: 19.11.2026