Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Fonna søker ein studiesjukepleiar som bidreg i team rundt kliniske behandlingsstudiar og gir pasientane tilgang til utprøvende behandling.
Du vil følgje opp pasientar i studiar, gjennomføre visittar og konsultasjonar, og bidra til eit spansande arbeidsmiljø med fokus på kvalitet og pasienttryggleik.
Forsking har som mål å få fram ny og nyttig kunnskap som skal styrke tilbodet vi gir våre pasientar, og er ei av hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta.
Kliniske behandlingsstudiar gir pasientar tilgang til ny og utprøvande behandling, som elles ikkje er tilgjengeleg. Dette er eit satsningsområde både nasjonalt, regionalt og i Helse Fonna. Vi har eit særskilt fokus på å auke talet på kliniske behandlingsstudiar og talet på pasientar som deltek i studiar. I kliniske behandlingsstudiar får pasientar tilgang til utprøvande behandling som har til hensikt å førebygge, diagnostisere, behandle eller lindre sjukdom.
Helse Fonna arbeider i team rundt kliniske behandlingsstudiar og studiesjukepleiarane har ei svært viktig rolle i teama. Vi søkjer nå etter ein studiesjukepleiar som kan bidra inn i team i ulike fagområder. Det vil være mogleg å utvide stillingsstorleiken ut frå behov og arbeidsmengde.
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.