Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Fonna HF i Haugesund søker etter en fagperson til 100 % dagstilling ved poliklinikken for utgreiing, behandling og oppfølging av eldre pasientar med psykiatriske lidingar.
Arbeidet krev fagleg tryggleik, gode samarbeidsevner og evne til å sjå mennesket bak sjukdommen. Vi tilbyr fagleg utvikling gjennom undervisning og tett samarbeid med sengepostar og kommunehelsetenesta.
Har du lyst til å gjere ein forskjell?
Vi har ledig ei 100 % dagstilling ved poliklinikken vår, og søkjer deg som ønskjer å bidra til best mogleg utgreiing, behandling og oppfølging av eldre pasientar med psykiske lidingar og samansette utfordringar.
Hos oss møter du menneske med ulike behov og livshistorier. Arbeidet krev fagleg tryggleik, gode samarbeidsevner og evna til å sjå mennesket bak sjukdommen. Kvardagen kan vere krevjande, men du står aldri åleine. Vi støttar kvarandre, deler kunnskap og finn gode løysingar saman.
Du blir ein del av eit inkluderande og engasjert fagmiljø, der kvalitet, utvikling og samarbeid står i sentrum. Vi legg til rette for fagleg vekst gjennom undervisning, fagdagar og tett samarbeid med både sengepostar og kommunehelsetenesta.
Ønskjer du å gjere ein forskjell for eldre pasientar, samtidig som du utviklar deg fagleg? Då håpar vi å høyre frå deg
Du vil mellom anna arbeide med:
Det er ein fordel om du har:
Hos oss er det viktig at du:
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Hos oss får du:
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Doreen Halleland,Avdelingsleder,doreen.halleland@helse-fonna.no
Karmsundgata 120
5528HAUGESUND
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5185060987
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.11.2026
Søknadsfrist: 19.11.2026