Studiekoordinator Etter- og videreutdanning

Vestland fylkeskommune

Ytre Øyrane

On-site

NOK 520,000 - 640,000

Full time

12 days ago
Application generator

A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Gode offentlege pensjons- og forsikr—i

Job summary

Vestland fylkeskommune søkjer ein strukturert og serviceinnstilt studiekoordinator til EVU-avdelinga i Førde. Du vil vere eit sentralt kontaktpunkt for studentar, faglærarar og samarbeidspartnarar og arbeide tett med EVU-teamet for å sikre høg kvalitet gjennom heile studieløpet.

Stillinga krev god planlegging, koordinering og evne til å handtere fleire oppgåver samstundes. EVU-avdelinga leverer tilbod på Vestland og studier i ulike stadar, med eit utviklingsorientert miljø og tilgang til gode

Qualifications

  • Relevant utdanning som fagbrev, generell studiekompetanse, høgare yrkesfagleg utdanning eller høgare utdanning.
  • Erfaring frå studieadministrasjon, kundeservice eller anna administrativt arbeid.
  • Erfaring frå utdanningssektoren eller offentleg forvaltning er ein fordel.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.

Responsibilities

  • Produsere og oppdatere innhald til nettsider og ulike informasjonskanalar
  • Rettleie studentar og andre i bruk av Fagskulen Vestland sine IT-system
  • Vere kontaktpunkt for studentar, faglærarar og samarbeidspartnarar gjennom studieløpet
  • Rettleie studentar og søkjarar i spørsmål knytt til studium, opptak og regelverk
  • Handtere postmottak og bidra til god informasjonsflyt internt og eksternt
  • Bidra til rapportering, kvalitetsarbeid og administrativ oppfølging av studietilboda
  • Delta i utvikling og forbetring av rutinar, arbeidsprosessar og digitale løysingar

Skills

Koordinering
Planlegging
Kundeservice
Oppfølging av oppgaver

Education

Relevant utdanning (fagbrev eller høgare utdanning)

Tools

IT-systemar (Fagskulen Vestland)

Job description

  • Søknadsfrist 05.10.2026
  • Arbeidsspråk Norsk

Fagskulen Vestland søkjer ein strukturert og serviceinnstilt studiekoordinator til avdeling for etter- og vidareutdanning (EVU). Vi ser etter deg som trivst med koordinering, planlegging og administrativ oppfølging, og som ønskjer å bidra til at studentar, faglærarar og samarbeidspartnarar opplever høg kvalitet gjennom heile studieløpet.

Som studiekoordinator vil du ha ei sentral rolle i den daglege drifta av EVU-tilboda våre. Du vil arbeide tett saman med EVU-teamet, fagmiljø og samarbeidspartnarar, og vere eit viktig kontaktpunkt for studentane. Arbeidskvardagen er variert og krev god struktur, høg gjennomføringsevne og evne til å handtere fleire oppgåver samstundes.

Du blir ein del av eit engasjert og utviklingsorientert miljø som arbeider for å møte kompetansebehova i arbeidslivet gjennom fleksible og relevante utdanningstilbod. EVU-avdelinga er plassert i Førde, men utviklar og leverer studietilbod i heile Vestland fylke, på tvers av alle studiestadane i Fagskulen Vestland.

Om Fagskulen Vestland

Med over 2000 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største offentlege fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Vi har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids og læringsmiljø.

Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar.

  • produsere og oppdatere innhald til nettsider og ulike informasjonskanalar
  • rettleie studentar og andre i bruk av Fagskulen Vestland sine IT-system
  • vere kontaktpunkt for studentar, faglærarar og samarbeidspartnarar gjennom studieløpet
  • rettleie studentar og søkjarar i spørsmål knytt til studium, opptak og regelverk
  • handtere postmottak og bidra til god informasjonsflyt internt og eksternt
  • bidra til rapportering, kvalitetsarbeid og administrativ oppfølging av studietilboda
  • delta i utvikling og forbetring av rutinar, arbeidsprosessar og digitale løysingar
Kvalifikasjonar
  • relevant utdanning (fagbrev, generell studiekompetanse, høgare yrkesfagleg utdanning eller høgare utdanning)
  • erfaring frå studieadministrasjon, kundeservice eller anna administrativt arbeid
  • erfaring frå utdanningssektoren eller offentleg forvaltning er ein fordel
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
  • er serviceinnstilt, imøtekomande og oppteken av å skape gode opplevingar for studentar og samarbeidspartnarar
  • har god evne til å planleggje, koordinere og følgje opp oppgåver
  • trivst med fleire parallelle arbeidsoppgåver og høgt aktivitetsnivå i periodar
  • tek ansvar, arbeider sjølvstendig og finn gode løysingar
  • samarbeider godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • er utviklingsorientert og ønskjer å bidra til gode rutinar og kontinuerleg forbetring
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • stillinga er eit engasjement med moglegheit til forlenging

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket.Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Studiekoordinator Etter- og videreutdanning
Studiekoordinator Etter- og videreutdanning

Odda • Førde

On-site
NOK 540,000 - 650,000
Studiekoordinator Etter- og videreutdanning
Studiekoordinator Etter- og videreutdanning

Arbeidsplassen • Ytre Øyrane

On-site
NOK 520,000 - 700,000
Gode offentlege pensjons- og forsikr
Stillinga har moglegheit til forlengig
Studiekoordinator Etter- og videreutdanning
Studiekoordinator Etter- og videreutdanning

Eilert Årseth • Vestland

On-site
NOK 540,000 - 660,000
Gode utviklingsmoglegheiter
Lønn etter avtale/tariff i kommunal s​
Offentlege pensjons- og forsikringsord
+1
Konsulent/Fyrstekonsulent
Konsulent/Fyrstekonsulent

Odda • Norway

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Konsulent/Fyrstekonsulent
Konsulent/Fyrstekonsulent

Vestland fylkeskommune • Kleppestø

On-site
NOK 480,000 - 560,000
Studiekoordinator - Fagskolen Viken, studiested Kjeller
Studiekoordinator - Fagskolen Viken, studiested Kjeller

Sana Ali • Lillestrøm

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Gode forsikrings- og pensjonsordninger
Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med…
Rådgjevar i studieadministrasjonen, campus Førde
Rådgjevar i studieadministrasjonen, campus Førde

Kristine Tveit • Førde

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Pensjonsordning
Forsikringsordningar
Låneordningar
Rådgjevar GIS
Rådgjevar GIS

Arbeidsplassen • Bergen, Leikanger

On-site
NOK 520,000 - 720,000
Fleksibel arbeidstid
Pensjonsordning
Gode utviklingsmoglegheiter
Studiekoordinator - Fagskolen Viken, studiested Kjeller
Studiekoordinator - Fagskolen Viken, studiested Kjeller

Larande • Kjeller

On-site
NOK 450,000 - 550,000
Gode forsikrings-, pensjons- og låneod
Beredskapsmedarbeidar
Beredskapsmedarbeidar

Arbeidsplassen • Leikanger

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Fleksibel arbeidstid
Heimekontor
Offentlege pensjons- og forsikringsord