Konsulent/Fyrstekonsulent

Vestland fylkeskommune

Kleppestø

On-site

NOK 480,000 - 560,000

Full time

2 days ago
Be an early applicant
Application generator

A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Job summary

Askøy vidaregåande skule søkjer ein sjølvgåande, engasjert og strukturert konsulent til ei allsidig stilling innan administrasjon og økonomi. Stillinga er 100 % fast og passar godt for deg som likar variasjon i arbeidskvardagen.

Avdelinga og skulen tilbyr utfordrande oppgåver og høve til deltaking i Vestland fylkeskommune-prosjekt. Arbeidsoppgåvene inkluderer arkiv, faktura, lønn, tilsetjingar, utleige og eksamensavvikling.

Qualifications

  • Erfaring frå kundeservice.
  • Erfaring frå arbeid med utforming og innføring av rutinar og arbeidsprosessar.
  • Kjennskap til administrativt arbeid med tilsetjingar og lønsarbeid.
  • God digital kompetanse og rask læring i nye system.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.

Responsibilities

  • Vedlikehald av rutinar og regelverk.
  • Handsaming av reiserekningar og refusjon av utlegg.
  • Oppdatering og vedlikehald av nettsidene.
  • Andre oppgåver som høyrer til avdelinga.

Skills

Kundeservice
Rutiner
Arbeidsprosesser
Tilsetjingar
Lønn
Digital kompetanse
Norsk skriftleg

Job description

Allsidig administrativ og økonomisk stilling ved Askøy vidaregåande skule med oppgåver innen arkiv, faktura, sentralbord og eksamensavvikling.

  • Lønns- og arbeidsvilkår i tråd med avtaleverket

Askøy vidaregåande skule søkjer ein sjølvgåande, engasjert og strukturert konsulent til ei allsidig stilling innan administrasjon og økonomi. Stillinga er 100 % fast, og passar godt for deg som liker variasjon i arbeidskvardagen, og som trivst med å ha mange ballar i lufta samtidig.

Avdelinga har mellom anna ansvar for rekkneskap og budsjett, innkjøp, lønn, tilsetjingar, utleige, kantinedrift, eksamensavvikling og inntak av elevar. Det er difor store muligheitar for tilpasning og endring i arbeidsoppgåver over tid. Avdelinga er også ansvarleg for merkantile oppgåver som publikumsmottak, sentralbord og arkiv samt elev- og tilsettstøtte. Det er naturleg at alle på avdelinga bidreg på desse områda i varierande omfang.
Dersom ein ynskjer det er det også gode høve til deltaking i fellesprosjekt i Vestland fylkeskommune – alt etter interesse, kapasitet og erfaring.

  • Vedlikehald av rutinar og regelverk
  • Handsaming av reiserekningar og refusjon av utlegg
  • Oppdatering og vedlikehald av nettsidene
  • Andre oppgåver som høyrer til avdelinga
Kvalifikasjonar
  • Erfaring frå kundeservice
  • Erfaring frå arbeid med utforming og innføring av rutinar og arbeidsprosessar
  • Kjennskap til og interesse for administrativt arbeid med tilsetjingar og lønsarbeid
  • Har god digital kompetanse og kan setje deg raskt inn i nye system
  • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt

Personlege eigenskapar

Me søkjer ein kollega som trives i ein uforutsigbar arbeidsdag saman med kjekke og fleksible kollegaer som ynskjer å bidra til å utvikla ein god skule og ta vare på det gode arbeidsmiljøet vårt.

Mykje av arbeidet handlar om å halde god orden og kontroll samt yte service, så me ynskjer oss ein kollega som kan jobbe strukturert og nøyaktig samstundes som ein gjev opplæring og støtte der det trengs.

Du må vera både sjølvstendig og trivast med å jobba tett saman med andre. Arbeidspresset varierar mellom dei tilsette på avdelinga og gjennom skuleåret, og me er heilt avhengige av å avlaste der det trengs når det toppar seg.

Dersom du blir del av teamet vårt får du ein arbeidsdag med kjekke kollegaer som bryr seg om deg. Me har ein god og uformell tone oss i mellom, og latteren sit laust i den opne kontorløysinga vår.

Du får høve til å påvirke innhaldet i stillinga og vil få bryne deg på både vanlege, rutineoppgåver, samtidig som du vil bli utfordra på løysing av oppgåver du ikkje har vore borte i før. Du vil få dagar med roleg tempo og tid til fordjupning – og dagar der du knapt rekk å få i deg lunsjen.
Me har god avspasseringsordning og gode høve for kompetanseutvikling både i arbeidsdagen og i form av kursing. Kontorlokala er heilt nye med gjennomtenkte løysingar for eit godt fysisk arbeidsmiljø.

Lønns- og arbeidsvilkår i tråd med avtaleverket for Vestland Fylkeskommune.
Me gjer merksam på at søkjarar kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om ein har bedt om anonymitet. I så fall vil du verta varsla om dette.
Før tilsetjing i vidaregåande skule må ein kunne leggje fram politiattest.

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket.Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Get your free, confidential resume review.
or drag and drop your file here.
Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Konsulent/Fyrstekonsulent
Konsulent/Fyrstekonsulent

Odda • Norway

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Avdelingsleiar
Avdelingsleiar

Odda • Knarvik

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Avdelingsleiar
Avdelingsleiar

Arbeidsplassen • Knarvik

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Spennande pedagogisk leiarstilling
Gode offentlege løns- pensjons- og føs
Leiarutviklingsprogram
+1
Konsulent/rådgjevar for digital utvikling og heilskapstenking
Konsulent/rådgjevar for digital utvikling og heilskapstenking

Arbeidsplassen • Leikanger

On-site
NOK 700,000 - 1,000,000
Eit meiningsfylt arbeid
Fleksibel arbeidstid
Gode pensjons- og forsikringsordningar
+1
Studiekoordinator Etter- og videreutdanning
Studiekoordinator Etter- og videreutdanning

Odda • Førde

On-site
NOK 540,000 - 650,000
Vil du bli lærer ved Veståsen barneskole i Gjerdrum?
Vil du bli lærer ved Veståsen barneskole i Gjerdrum?

Beate Kristine Nielsen • Gjerdrum

On-site
NOK 430,000 - 680,000
Gratis parkering
Pensjons- og forsikringsordninger
Senior Systemkonsulent – M365 og brukarsikkerheit
Senior Systemkonsulent – M365 og brukarsikkerheit

Arbeidsplassen • Leikanger, Bergen

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Fleksibel arbeidstid og heimekontor
Tilkallingsvikarer fagarbeidere/assistenter - Askim ungdomsskole
Tilkallingsvikarer fagarbeidere/assistenter - Askim ungdomsskole

Arbeidsplassen • Askim

On-site
NOK 248,000 - 331,000
Gode parkeringsmuligheter
En av Norges beste pensjonsordninger (
Gode forsikringer og lånevilkår
Studiekoordinator Etter- og videreutdanning
Studiekoordinator Etter- og videreutdanning

Arbeidsplassen • Ytre Øyrane

On-site
NOK 520,000 - 700,000
Gode offentlege pensjons- og forsikr
Stillinga har moglegheit til forlengig
Elevassistent
Elevassistent

Arbeidsplassen • Haugen

On-site
NOK 180,000 - 240,000
Gode pensjonsordninger
Varmt og inkluderende arbeidsmiljø
Tett samarbeid med erfarne kollegaer