A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Vestland fylkeskommune søkjer ein sjølvstendig og strukturert avdelingskonsulent til administrasjon og økonomi. Stillinga er 100 % fast og passar for deg som likar varierte oppgåver og eit hektisk, men støttande arbeidsmiljø. Avdelinga har ansvar for rekneskap, budsjett, innkjøp, tilsetjingar, lønsarbeid og publikumstenester.
Du vil bidra i eit inkluderande team, få høve til deltaking i fellesprosjekt, og arbeide med løysingar som skaper god kundeservice og effektiv drift av skulen.
Askøy videregåande skule søkjer ein sjølvgåande, engasjert og strukturert konsulent til ei allsidig stilling innan administrasjon og økonomi. Stillinga er 100 % fast, og passer godt for deg som liker variasjon i arbeidskvardagen, og som trivst med å ha mange ballar i lufta samtidig.
Avdelinga har mellom anna ansvar for rekkneskap og budsjett, innkjøp, lønn, tilsetjingar, utleige, kantinedrift, eksamensavvikling og inntak av elevar. Det er difor store muligheiter for tilpasning og endring i arbeidsoppgåver over tid. Avdelinga er også ansvarleg for merkantile oppgåver som publikumsmottak, sentralbord og arkiv samt elev- og tilsettstøtte. Det er naturleg at alle på avdelinga bidreg på desse områda i varierande omfang.
Dersom ein ynskjer det er det også gode høve til deltaking i fellesprosjekt i Vestland fylkeskommune – alt etter interesse, kapasitet og erfaring.
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt
Me søkjer ein kollega som trives i ein uforutsigbar arbeidsdag saman med kjekke og fleksible kollegaer som ynskjer å bidra til å utvikla ein god skule og ta vare på det gode arbeidsmiljøet vårt.
Mykje av arbeidet handlar om å halde god orden og kontroll samt yte service, så me ynskjer oss ein kollega som kan jobbe strukturert og nøyaktig samstundes som ein gjev opplæring og støtte der det trengs.
Du må vera både sjølvstendig og trivast med å jobba tett saman med andre. Arbeidspresset varierar mellom dei tilsette på avdelinga og gjennom skuleåret, og me er heilt avhengige av å avlaste der det trengs når det toppar seg.
Dersom du blir del av teamet vårt får du ein arbeidsdag med kjekke kollegaer som bryr seg om deg. Me har ein god og uformell tone oss i mellom, og latteren sit laust i den opne kontorløysinga vår.
Du får høve til å påvirke innhaldet i stillinga og vil få bryne deg på både vanlege, rutineoppgåver, samtidig som du vil bli utfordra på løysing av oppgåver du ikkje har vore borte i før. Du vil få dagar med roleg tempo og tid til fordjupning – og dagar der du knapt rekk å få i deg lunsjen.
Me har god avspasseringsordning og gode høve for kompetanseutvikling både i arbeidsdagen og i form av kursing. Kontorlokala er heilt nye med gjennomtenkte løysingar for eit godt fysisk arbeidsmiljø.
Lønns- og arbeidsvilkår i tråd med avtaleverket for Vestland Fylkeskommune.
Me gjer merksam på at søkjarar kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om ein har bedt om anonymitet. I så fall vil du verta varsla om dette.
Før tilsetjing i vidaregåande skule må ein kunne leggje fram politiattest.
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir videregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.