Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

Akuttmottak Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Ålesund

Presencial

NOK 520.000 - 680.000

Jornada completa

Hace 5 días
Sé de los primeros/as/es en solicitar esta vacante

Una candidatura completa en un minuto

Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.

Supera los filtros ATS

Ventajas ofrecidas por este puesto de trabajo

Pensjons- og forsikringsordningar
Fagleg utvikling
Gode arbeidsforhold

Descripción de la vacante

Akuttmottaket ved Ålesund sjukehus søkjer to engasjerte spesialsjukepleiarar til faste stillingar. Du blir ein del av eit aktivt fagmiljø som held høgt tempo og tverrfagleg samarbeid.

Du har norsk autorisasjon og ønskje om vidareutdanning innan akuttsjukepleie eller intensivsjukepleie, med fokus på fagutvikling og trygg pasientbehandling.

Formación

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Vidareutdanning innan akuttsjukepleie eller intensivsjukepleie kjem i enda høgare grad.
  • Erfaring frå akuttmottak, sjukehus eller annan klinisk verksemd er ein fordel.
  • Gode kliniske vurdering- og observasjonsferdigheiter, evne til å identifisere akutte endringar.
  • Evne til å prioritere og ta sjølvstendige avgjerder i hektisk arbeidshverdag.
  • Gode norskkunnskapar i munnleg og skriftleg form.
  • Gode digitale ferdigheiter og evne til å dokumentere i elektronisk pasientjournal.
  • Vekt på personleg eigenskapar ved tilsetting.

Responsabilidades

  • Ta imot og følge opp pasientar med akutte og uavklarte problemstillingar.
  • Utføre systematiske observasjonar og vurderingar.
  • Prioritere og handtere pasientar etter hastigheit og tilstand.
  • Setje i verk medisinske behandlingar i samarbeid med lege og andre.
  • Overvake pasientar og handle ved forverring.
  • Delta i akuttmedisinsk teamarbeid og mottak av kritisk sjuke og skadde.
  • Sikre god pasientflyt og koordinering av forløp.
  • Iv og pårørande med omsorg og informasjon i akutte situasjonar.
  • Dokumentere observasjonar og behandling i EPJ.
  • Bidra til fagutvikling og kvalitetsarbeid.
  • Rettleie og bidra til opplæring av studentar og nytilsette.

Conocimientos

Norsk autorisasjon
Akuttmedisinsk sjukepleie
Erfaring frå akuttmottak
Vurdering og observasjon
Prioritering og sjølvstendige avgjerde
Gode norskkunnskapar
Digitale ferdigheiter og elektronisk j
Personleg eigne eigenskapar

Educación

Norsk autorisasjon som sjukepleiar
Vidareutdanning innan akuttsjukepleie / intensivsjukepleie

Descripción del empleo

Vil du ha ein arbeidskvardag med faglege utfordringar, variasjon og moglegheit til å gjere ein forskjell – kvar einaste dag?

Akuttmottaket ved Ålesund sjukehus søkjer to engasjerte spesialsjukepleiarar/sjukepleiarar til to faste stillingar. Ved intern tilsetting kan andre stillingar (vikariat) bli ledige. Hos oss får du ein spennande og innhaldsrik arbeidskvardag i eit aktivt fagmiljø, der ingen dagar er like, og der kompetansen din verkeleg kjem til nytte!

Vi tek imot alle pasientar som treng augeblikkeleg hjelp, både barn og vaksne, med eit breitt spekter av akutte og uavklarte tilstandar. Pasientane kjem med problemstillingar innan fagområda medisin, kirurgi, ortopedi, hematologi og onkologi. I delar av døgnet har vi også funksjon som augeblikkeleg hjelp skadepoliklinikk. Dette gir ei unik fagleg breidde og ein arbeidskvardag som stiller krav til både klinisk blikk, sjølvstende, fleksibilitet og evne til å handtere ulike situasjonar.

Akuttmottak er ei beredskapsavdeling med høg kompetanse innan mottak av kritisk dårlige TEAM pasienter. Vi tek imot TRAUME-, MET-, barn-, slag- og hjertestansteam.

Akuttmottaket er ein sentral del av sjukehuset og ofte pasientane sitt fyrste møte med spesialisthelsetenesta. Vi jobbar i eit miljø med høgt tempo, varierte arbeidsoppgåver og tett tverrfagleg samarbeid. Her får du moglegheit til å bruke og videreutvikle kompetansen din, gjere sjølvstendige kliniske vurderingar og bidra til at pasientane får rask, trygg og god behandling når dei treng det som mest.

Vi er opptekne av fagleg utvikling, kunnskapsdeling og eit godt arbeidsmiljø. Hos oss blir du ein del av eit engasjert team med dyktige kollegaer som støttar kvarandre, deler kunnskap og jobbar saman for å gi pasientane best mogleg behandling.

Ønskjer du ein arbeidskvardag der du får faglege utfordringar, utviklar deg som sjukepleiar og er ein viktig del av eit lag som gjer ein forskjell? Då håpar vi du søkjer hos oss!

Arbeidsoppgåver
  • Ta imot, vurdere og fylgje opp pasientar med akutte og uavklarte sjukdoms- og skadeproblemstillingar
  • Utføre systematiske observasjonar, kartlegging og sjukepleiefaglege vurderingar, og identifisere pasientar med behov for rask helsehjelp
  • Prioritere og handtere pasientar ut frå hastegrad, alvorlegheitsgrad og klinisk tilstand
  • Setje i verk og fylgje opp medisinsk behandling og sjukepleietiltak i samarbeid med lege og andre faggrupper
  • Overvake pasientar, oppdage endringar i klinisk tilstand og handle raskt ved forverring
  • Delta i akuttmedisinsk teamarbeid, inkludert mottak og behandling av kritisk sjuke og skadde pasientar
  • Sikre god pasientflyt og koordinering av pasientforløp i samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Ivareta pasientar og pårørande med omsorg, informasjon og tryggleik i ein akutt og ofte uavklart situasjon
  • Dokumentere observasjonar, vurderingar, behandling og sjukepleie i elektronisk pasientjournal
  • Bidra aktivt til fagutvikling, kvalitetsarbeid, pasienttryggleik og kontinuerleg forbetring av tenestene
  • Rettleie og bidra til opplæring av studentar, nytilsette og kollegaer
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning innan akuttsjukepleie, intensivsjukepleie eller anna relevant spesialutdanning er ønskjeleg, men ikkje eit krav
  • Erfaring frå akuttmottak, sjukehus eller anna relevant klinisk verksemd er ein fordel
  • Gode kliniske vurdering- og observasjonsferdigheiter, og evne til å identifisere og handtere akutte endringar i pasienten sin tilstand
  • Evne til å prioritere og ta sjølvstendige avgjerder i ein hektisk og uforutsigbar arbeidskvardag
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Gode digitale ferdigheiter og evne til å dokumentere i elektronisk pasientjournal
  • Å være personleg egna vert vektlagt ved tilsetting
Personlege eigenskapar
  • Du er fagleg engasjert, nysgjerrig og motivert for å utvikle deg innan akuttmedisin
  • Du er trygg i rolla di, tek ansvar og kan arbeide sjølvstendig når situasjonen krev det
  • Du beheld ro og oversikt i ein hektisk og uforutsigbar arbeidskvardag
  • Du har gode samarbeidsevner og bidreg positivt til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • Du er fleksibel, løysingsorientert og trivast med varierte arbeidsoppgåver og raske endringar
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt, empati og omsorg
  • Du har evne til å prioritere, ta initiativ og gjere gode vurderingar også i krevjande situasjonar
  • Du er positiv til endring, utvikling og nye arbeidsmetodar
  • Du er ansvarsmedviten, strukturert og oppteken av kvalitet og pasienttryggleik
  • Du bidreg aktivt til kunnskapsdeling, fagleg utvikling og eit godt kollegialt fellesskap
Vi tilbyr
  • Ein spennande og variert arbeidskvardag i eit aktivt og fagleg utfordrande akuttmottak
  • Eit breitt og allsidig fagmiljø der du får utvikle kompetansen din innan fleire medisinske og kirurgiske fagområde
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling, kompetanseheving og vidareutvikling innan akuttmedisin
  • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer som støttar kvarandre og spelar kvarandre gode
  • Tett tverrfagleg samarbeid med ulike faggrupper og spesialitetar
  • Varierte arbeidsoppgåver og moglegheit til å opparbeide brei klinisk erfaring og kompetanse
  • Opplæring og rettleiing tilpassa erfaring og kompetanse
  • Ein arbeidsplass der fagleg engasjement, kunnskapsdeling og pasienttryggleik står sentralt
  • Moglegheit til å bidra aktivt i fagutvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid
  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom offentleg tenestepensjon

Vi går ei spennande framtid i møte! Hausten 2027 flyttar vi inn i eit heilt nytt akuttmottak. Som medarbeidar hos oss får du vere med på ei viktig utviklingsreise og bidra til å forme framtidas akuttmottak, både fagleg og organisatorisk.Hos oss blir du ein del av eit viktig lag! Vi er opptekne av å skape ein arbeidsplass der vi tek vare på kvarandre, deler kunnskap og saman jobbar for å gi pasientane best mogleg behandling.

Vi ber om attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til CV-en din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Kristin Vestnes Sunde,Kons seksjonsleiar,+47 93681003, Kristin.Vestnes.Sunde@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5210960368
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2026

Consigue la evaluación confidencial y gratuita de tu currículum.

o arrastra y suelta tu archivo aquí

Similar jobs

Puestos de trabajo similares que vale la pena comparar

Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

Kristin Vestnes Sunde • Ålesund

Presencial
NOK 700.000 - 900.000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter gjeldande tariffavtale
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

Presencial
NOK 550.000 - 900.000
Offentleg tenestepensjon
Løn etter tariffavtale
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar

Marit Møgedal Stokkeland • Hungnes

Presencial
NOK 550.000 - 750.000
Ferievikar 2027 - Sjukepleiar/ Spesialsjukepleiar
Ferievikar 2027 - Sjukepleiar/ Spesialsjukepleiar

Kristin Vestnes Sunde • Ålesund

Presencial
NOK 260.000 - 340.000
Grunnleggjande opplæring
Tett oppfølging frå erfarne kollegaer
Inkluderande arbeidsmiljø
+1
Ferievikar 2027 - Sjukepleiar/ Spesialsjukepleiar
Ferievikar 2027 - Sjukepleiar/ Spesialsjukepleiar

Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

Presencial
NOK 350.000 - 480.000
Veiledning
Faglig utvikling
Sommerjobb
Sjukepleiar
Sjukepleiar

Andre Giskegjerde Høybakk • Ålesund

Presencial
NOK 420.000 - 480.000
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Pensjonsordning og forsikring
Sjukepleiar/vernepleiar
Sjukepleiar/vernepleiar

Line Olaisen • Ålesund

Presencial
NOK 600.000 - 840.000
Inkluderende arbeidsplass
Offentlig pensjonsordning
Fordelaktige forsikringsvilkår
Vernepleiar
Vernepleiar

Akutt psykisk helse Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

Presencial
NOK 520.000 - 680.000
Tverrfagleg samarbeid
Inkluderande arbeidsplass
Offentleg pensjonsordning
+1
Sterilforsyningstekniker
Sterilforsyningstekniker

Peter Gjelsvik • Ålesund

Presencial
NOK 430.000 - 600.000
Hospitering på operasjon
Vidareutdanning i sterilforsyningstekn
Pensjonsordning
+1
Intensivsjukepleiar
Intensivsjukepleiar

INTENSIV ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

Presencial
NOK 650.000 - 850.000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
+1
Ubicaciones