A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Møre og Romsdal HF i Ålesund søkjer ein fagleg trygg sjukepleiar til nattvakt i seksjon for allmenn- og alderspsykiatri. Fast kontakt og kollegialt samarbeid blir sett på som viktig for god pasientomsorg.
Stillinga krev ro, robustheit og evne til å be om støtte ved behov. Spesialsjukepleiarutdanning blir velkommen, og vi tilbyr tett fagleg oppfølging i eit tverrfagleg miljø.
Vi har ledig eit 100 % vikariat for sjukepleiar på natt med tilsetjing snarast. Spesialsjukepleiarar med relevant vidareutdanning er òg velkomne til å søkje. Vil du vere med på laget vårt?
Ved seksjon for allmenn- og alderspsykiatri SNR søkjer vi ein fagleg trygg og engasjert sjukepleiar som møter pasientar og kollegaer med respekt, omsorg og profesjonalitet. Vi ønskjer ein medarbeidar som kjenner eigne styrkar og avgrensingar, som tek ansvar når situasjonen krev det, og som bidreg aktivt med faglege innspel og refleksjonar i samarbeid med kollegaene sine.
Arbeidet kan vere emosjonelt krevjande. Du vil møte menneske som ber med seg vanskelege livserfaringar og som strevar med konsekvensane av dette. Difor er det viktig at du er robust, trygg i rolla di og har evne til å be om støtte, rettleiing og fagleg påfyll når du treng det.
Seksjonen vår er tverrfagleg samansett, og hovudoppgåvene omfattar utgreiing og behandling av demens med åtferds- og psykiske symptom (APSD), alvorlege depressive lidingar, angstlidingar, alvorlege eteforstyrringar og andre alvorlege psykiske lidingar. Vi har tett samarbeid med andre seksjonar i føretaket, samt poliklinikken i seksjonen.
Døgnposten har ni sengeplassar, inkludert moglegheit for to intensivplassar. Seksjonen har ikkje akuttfunksjon. Innlegging skjer etter tilvising frå fastlege, sjukeheimslege eller annan lege, seksjon eller avdeling i helseføretaket. Vi tilbyr også rettleiing og støtte til samarbeidspartnarane våre i kommunane.
Høyrest dette ut som ei stilling for deg? Då håpar vi at du søkjer. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vi ber om attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.