Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Ålesund sjukehus, Akuttmottaket i Ålesund, søkjer to engasjerte spesialsjukepleiarar/sjukepleiarar til faste stillingar. Arbeidet innebær ei spanande blanding av akutte og uavklarte tilstandar i eit tett tverrfagleg miljø.
Vi krev norsk autorisasjon som sjukepleiar. Erfaring frå akuttmottak eller sjukehus er ein fordel, og vi legg vekt på klinisk dømmekraft, sjølvstende og evne til å handtere varierte situasjonar.
Vil du ha ein arbeidskvardag med faglege utfordringar, variasjon og mogleghet til å gjere ein forskjell – kvar einaste dag?
Akuttmottaket ved Ålesund sjukehus søkjer to engasjerte spesialsjukepleiarar/sjukepleiarar til to faste stillingar. Ved intern tilsetting kan andre stillingar (vikariat) bli ledige. Hos oss får du ein spennande og innhaldsrik arbeidskvardag i eit aktivt fagmiljø, der ingen dagar er like, og der kompetansen din verkeleg kjem til nytte!
Vi tek imot alle pasientar som treng augeblikkeleg hjelp, både barn og vaksne, med eit breitt spekter av akutte og uavklarte tilstandar. Pasientane kjem med problemstillingar innan fagområda medisin, kirurgi, ortopedi, hematologi og onkologi. I delar av døgnet har vi også funksjon som augeblikkeleg hjelp skadepoliklinikk. Dette gir ei unik fagleg breidde og ein arbeidskvardag som stiller krav til både klinisk blikk, sjølvstende, fleksibilitet og evne til å handtere ulike situasjonar.
Akuttmottak er ei beredskapsavdeling med høg kompetanse innan mottak av kritisk dårlige TEAM pasienter. Vi tek imot TRAUME-, MET-, barn-, slag- og hjertestansteam.
Akuttmottaket er ein sentral del av sjukehuset og ofte pasientane sitt fyrste møte med spesialisthelsetenesta. Vi jobbar i eit miljø med høgt tempo, varierte arbeidsoppgåver og tett tverrfagleg samarbeid. Her får du moglegheit til å bruke og vidareutvikle kompetansen din, gjere sjølvstendige kliniske vurderingar og bidra til at pasientane får rask, trygg og god behandling når dei treng det som mest.
Vi er opptekne av fagleg utvikling, kunnskapsdeling og eit godt arbeidsmiljø. Hos oss blir du ein del av eit engasjert team med dyktige kollegaer som støttar kvarandre, deler kunnskap og jobbar saman for å gi pasientane best mogleg behandling.
Ønskjer du ein arbeidskvardag der du får faglege utfordringar, utviklar deg som sjukepleiar og er ein viktig del av eit lag som gjer ein forskjell? Då håpar vi du søkjer hos oss!
Vi går ei spennande framtid i møte! Hausten 2027 flyttar vi inn i eit heilt nytt akuttmottak. Som medarbeidar hos oss får du vere med på ei viktig utviklingsreise og bidra til å forme framtidas akuttmottak, både fagleg og organisatorisk.Hos oss blir du ein del av eit viktig lag! Vi er opptekne av å skape ein arbeidsplass der vi tek vare på kvarandre, deler kunnskap og saman jobbar for å gi pasientane best mogleg behandling.
Vi ber om attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til CV-en din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det videre eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spelge mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal