Obtenez une réponse de cet employeur
Votre CV et votre lettre de motivation, adaptés exactement à ce que l’employeur recherche.
Helse Møre og Romsdal søkjer sommervikarar til Akuttmottaket ved Ålesund sjukehus. Du vil bidra til trygg og god pasientbehandling i eit travelt miljø med tett tverrfagleg samarbeid.
Tilsette får grundig opplæring og tett oppfølging frå erfarne kollegaer, med varierte arbeidsdagar og moglegheit for fagleg utvikling innan akuttmedisin.
Akuttmottak ved Ålesund sjukehus søkjer spesialsjukepleiarar og sjukepleiarar til ferievikariat sommaren 2027.
Ønskjer du ein spennande og lærerik sommarjobb i eit travelt og fagleg sterkt miljø? Akuttmottaket søkjer engasjerte sommervikarar som ønskjer å bidra til trygg og god pasientbehandling i ein av sjukehuset sine mest sentrale einingar. Hos oss får du varierte arbeidsoppgåver, tett samarbeid på tvers av faggrupper og verdifull erfaring innan akuttmedisin.
Akuttmottaket er inngangsporten til sjukehuset for pasientar som treng augeblikkeleg hjelp. Avdelinga handterer eit breitt spekter av medisinske, kirurgiske og ortopediske problemstillingar og samarbeider tett med sengepostar, poliklinikkar, ambulansetenesta og andre fagmiljø. Vi har fokus på kvalitet, pasientsikkerhet og godt samarbeid, og tilbyr eit inkluderande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse.
Akuttmottak er ein del av avdelinga AIO, og tar imot omlag 16 000 pasientar i året.
Trivs du med ein variert arbeidskvardag, har evne til rask omstilling og ønskjer å bidra med fagleg kompetanse til vår spesialfunksjon, vil vi gjerne høyre frå deg. Ferieperioden strekkjer seg fra veke 25 til 33.
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det videre eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal