Intensivsjukepleiar

INTENSIV ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF

Ålesund

On-site

NOK 650,000 - 850,000

Full time

4 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Offentleg pensjonsordning og forsikr:{

Job summary

Helse Møre og Romsdal HF søkjer intensivsjukepleiar til intensivseksjonen ved Ålesund sjukehus. Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø som behandlar kritisk sjuke pasientar og deltek i team med fleire faggrupper.

Stillinga inngår i turnus (dag/kveld/natt/helg). Vi legger til rette for fagleg vekst, simulering og kompetanseutvikling, samt eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø.

Qualifications

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar er krav.
  • Vidareutdanning som spesialsjukepleiar i intensiv er ønskjeleg.
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid er ønskjeleg.
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.

Responsibilities

  • Klinisk pasientarbeid i tråd med gjeldande prosedyrer og retningslinjer.
  • Pasientovervaking, behandling og pleie.
  • Samarbeid med legar og anna tverrfagleg personell.
  • Bidra til fagutvikling, kvalitet og pasientsikkerheit.
  • Rettleiing og opplæring av studentar og nyansette ved behov.

Skills

Norsk autorisasjon
Spesialsjukepleiar i intensiv
Tilsvarande arbeidserfaring
Norskkunnskaper

Job description

Vil du vere ein del av eit sterkt fagmiljø der pasienttryggleik, kompetanse og samarbeid står i sentrum?

Intensivseksjonen ved Ålesund Sjukehus har no ledig fast stilling som intensivsjukepleiar

Intensivseksjonen i Ålesund er ei beredskapsavdeling med høg fagleg standard og eit engasjert team. Vi behandlar kritisk sjuke pasientar og deltek i hjartestans-, slag-, barn-, MIT-, traume- og MET-team. Hos oss får du:

  • Variert og utfordrande arbeid med intensiv- og overvåkingspasientar
  • Sterkt fagmiljø med fokus på simulering, kompetanseutvikling og tverrfagleg samarbeid
  • Moglegheit til fagleg vekst gjennom kurs, fagdagar og spesialisering
  • Trygg og inkluderande arbeidskultur der vi støttar kvarandre og jobbar saman for pasientane

Intensivseksjonen er ein del av Klinikk Ålesund sjukehus og omfattar Kirurgisk intensiv, Postoperativ seksjon og Medisinsk intensiv/hjarteovervaking. Som intensivsjukepleiar hos oss, vil du bli ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeider i team med andre faggrupper som til dømes anestesilegar, medisinarar, kirurgar, fysioterapeutar og mange. Vi set fag i fokus og god opplæring vert prioritert. Stillingane inngår i turnus (dag/kveld/natt/helg).

Arbeidsoppgåver
  • Klinisk pasientarbeid i tråd med gjeldande prosedyrer og retningsliner
  • Pasientovervaking, behandling og pleie
  • Samarbeid med legar og anna tverrfagleg personell
  • Bidra til fagutvikling, kvalitet og pasientsikkerhet
  • Rettleiing og opplæring av studentar og nyansatte (ved behov)
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning som spesialsjukepleiar i intensiv
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid er ønskeleg
  • Gode norskkunnskaper, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
  • Du er fagleg engasjert og ansvarsbevisst
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Du er fleksibel og løysingsorientert
  • Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet
  • Personelg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Marit Vatsaas Vinje,Seksjonsleiar,+47 70 10 55 23, Marit.Vatsaas.Vinje@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5208857175
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2026

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Intensivsjukepleiar
Intensivsjukepleiar

Central Norway Regional Health Authority • Ålesund

On-site
NOK 600,000 - 750,000
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsord
Tilrettelagteforsikringsvilkår
Intensivsjukepleiar
Intensivsjukepleiar

Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 550,000 - 700,000
Sjukepleiar/vernepleiar
Sjukepleiar/vernepleiar

Avrusing rusbehandling TSB Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 520,000 - 640,000
God offentleg pensjonsordning
Fordelaktige forsikringsvilkår
Helsesekretær/Sekretær
Helsesekretær/Sekretær

Kontor medisin Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 450,000 - 540,000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
+1
Intensivsjukepleiar
Intensivsjukepleiar

Helse Midt-Norge RHF • Ålesund

On-site
NOK 650,000 - 750,000
Løn etter gjeldande overeinskomst
Medlemskap i offentleg pensjonsordning
Forsikringsvilkår
Anestesisjukepleiar
Anestesisjukepleiar

Anestesi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 450,000 - 550,000
Godt arbeidsmiljø
Inkluderende arbeidsplass
Offentlig pensjonsordning
+1
Helsesekretær/Sekretær
Helsesekretær/Sekretær

Helse Nord-Trøndelag • Ålesund

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Lege i spesialisering, Fysikalsk medisin og rehabilitering
Lege i spesialisering, Fysikalsk medisin og rehabilitering

FYSIKALSK MEDISIN OG REHABILITERING, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 800,000 - 1,000,000
Rabattavtaler på treningssenter og sp0
Offentlig pensjonsordning
Fordelaktige forsikringsvilkår
Helsesekretær/Sekretær
Helsesekretær/Sekretær

Helse Møre og Romsdal • Ålesund

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Sjukepleiar
Sjukepleiar

Central Norway Regional Health Authority • Ålesund

On-site
NOK 469,000 - 580,000
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Inkluderande arbeidsplass
Top locations