A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Alderspsykiatri SNR har ledig stilling som spesialsjukepleiar. Vi søkjer ein engasjert spesialsjukepleiar som er oppteken av høg fagleg kvalitet og har gode evner til samarbeid.
Du må like å arbeide sjølvstendig og i team. Arbeidsstad er SNR på Hjelset, med ein poliklinikk og sengepost som ligg mellom Kristiansund og Molde, i eit utviklande miljø med tverrfagleg samarbeid og fleirstyrke tenester.
Alderspsykiatri SNR har vi ledig stilling som spesialsjukepleiar. Vi søkjer ein engasjert spesialsjukepleiar som er oppteken av høg fagleg kvalitet og har gode evner til samarbeid. Du må like å arbeide sjølvstendig og i team.
Vi ønskjer ein medarbeidar som bidrar aktivt i eit utviklande og tverrfagleg miljø. Du må kjenne eigne styrkar og begrensingar nok til å trå til når det skjer noko ekstra, og til å bringe dine synspunkt inn til drøfting med kollegaer.Denne jobben kan vere krevjande kjenslemessig, og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå om behov for støtte, rådgjeving og påfyll.
Seksjonen vår er tverrfagleg samansett, og består av både ein sengepost og ein poliklinikk. I poliklinikken tar vi både imot pasientar til time ved sjukehuset, og vi har ambulante reisedagar til kommunane i Nordmøre og Romsdal.
Vi arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle tenestene våre i tråd med pasientane sine behov. Jobben vil i tillegg til utgreiing og behandling også innebere miljøtiltak, oppfølging av pårørande og rettleiing til fastlegar og miljøpersonell i kommunane. Vi har eit godt etablert samarbeid med dei aktuelle kommunale tenestene.
Arbeidsstad er det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Sjukehuset er plassert mellom Kristiansund og Molde. Her er ein omringa av mangfoldige moglegheiter til aktivitet og rekreasjon knytt til både naturopplevingar og byliv.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal