Sjukepleiar/Vernepleiar

Central Norway Regional Health Authority

Ålesund

On-site

NOK 550,000 - 750,000

Full time

2 days ago
Be an early applicant
Application generator

A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Job summary

Helse Møre og Romsdal HF i Ålesund søkjer ein sjukepleiar/vernepleiar til ei 100% fast stilling frå 01.11.2026, med krav om minimum 3-årig helsefagleg høgskuleutdanning og medisinhandtering i turnus. Stillinga er i to-delt turnus med arbeid kvar 4. helg, og ønskjer vernepleiar eller sjukepleiar med helsefagleg kompetanse.

Førarkort kl. B er krav, og vidareutdanning innan psykisk helse eller rus er ønskjeleg.

Qualifications

  • Minimum 3-årig sosial/helsefagleg høgskule
  • Vidareutdanning og/eller erfaring frå psykisk helse og rus
  • Førarkort kl. B

Responsibilities

  • Koordineringsansvar og individuell oppfølging av pasientar
  • Deltaking i tverrfagleg team
  • Deltaking i miljøterapeutiske aktivitetar
  • Medisinhandtering (for sjukepleiar/vernepleiar)

Education

Minimum 3-årig sosial/helsefagleg høgskule
Vidareutdanning og/eller erfaring frå psykisk helse og rus
Førarkort kl. B

Job description

Søknadsfrist 29.09.2026

Stillingar 1

Tilsetjingsform Fast

Stillingsprosent 100

Webcruiter-ID 5173661964

Sjukepleiar/Vernepleiar Korttids døgn rusbehandling TSB Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Om stillinga

Ønsker du å bli vår nye kollega?

Vi har ledig ei 100% fast stilling for deg med 3-årig helsefaglig/sosialfagleg utdanning. Stillinga er ledig frå 01.11.2026.

Stillingane er p.t. i to-delt turnus med arbeid kvar 4. helg. Vi ønske fortrinnsvis vernepleiar eller sjukepleiar inn i stillinga grunna behov for helsefagleg kompetanse, samt medisinutdeling i turnus. Det er og ønskelig med vidareutdanning innan psykisk helse, rus eller andre aktuelle fagfelt.

Avdeling for TSB Ålesund tilbyr tverrfagleg behandling til rusavhengige. Korttids døgn har 18 plassar, i tillegg til 3 brukarstyrte senger. Vi tilbyr utgreiing og behandling til rusavhengige både gjennom individuelle og gruppeterapeutiske tilnærmingar. Fagmiljøet ved seksjonen er tverrfagleg.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist 29.09.2026

Arbeidsgivar Helse Møre og Romsdal HF

Stillingstittel Sjukepleiar/Vernepleiar

Stillingar 1

Heiltid / Deltid Heiltid

Tilsetjingsform Fast

Stillingsprosent 100

Webcruiter-ID 5173661964

Arbeidsoppgåver
  • Koordineringsansvar og individuell oppfølging av pasientar
  • Deltaking i tverrfagleg team
  • Deltaking i miljøterapeutiske aktivitetar
  • Medisinhandtering (for sjukepleiar/vernepleiar)
Kvalifikasjonar
  • Minimum 3-årig sosial/helsefagleg høgskule
  • Ønskeleg med vidareutdanning og/eller erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus
  • Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
  • Fleksibel, positiv, nytenkande og endringsorientert
  • Sjølvstendig, men med evne til å samarbeide godt i team
  • God skriftleg framstillingsevne
  • Evne til å handtere hektiske dagar

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetjing.

Vi tilbyr
  • Eit godt, raust og triveleg miljø av dyktige, engasjerte og erfarne medarbeidarar
  • Internundervisning, eigne fagdagar og personalseminar
  • Aktivt arbeid for å ivareta eit godt arbeidsmiljø
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Noreg. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan også oppleve eit mangfald av fjordar, øyar og fjell som ventar på å begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Adresse: Vestmoa 27, 6018 Ålesund, Norge

Kontaktinformasjon

Linn Therese Reiakvam

Seksjonsleiar

Telefon: 70171337

E-post: Linn.Therese.Reiakvam@helse-mr.no

Om arbeidsgivaren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Lege i spesialisering innan rus- og avhengighetsmedisin
Lege i spesialisering innan rus- og avhengighetsmedisin

Central Norway Regional Health Authority • Ålesund

On-site
NOK 750,000 - 950,000
Tett rettleiing frå erfarne overlegar
Inkluderande tverrfagleg miljø
Offentleg pensjonsordning og forsikr V
Sjukepleiar
Sjukepleiar

Medisinsk sengepost 2 / Medisinsk poliklinikk Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 550,000 - 730,000
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

Nyfødt intensiv Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Ein spennande og givande arbeidsplass
Gode kollegaer og opplæring
Offentlig pensjonsordning
+1
Lege i spesialisering innan rus- og avhengighetsmedisin
Lege i spesialisering innan rus- og avhengighetsmedisin

Arbeidsplassen • Ålesund

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Rettleiing frå overlegar
Inkluderande arbeidsmiljø
Tverrfagleg samarbeid
+2
Lege i spesialisering anestesiologi
Lege i spesialisering anestesiologi

ANESTESILEGER OG SMERTEPOLIKLINIKK ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 900,000 - 1,150,000
Tverrfagleg samarbeid
Inkluderande arbeidsplass
Løn etter overeinskomst
+1
Assistent
Assistent

Arbeidsplassen • Ålesund

On-site
NOK 248,000 - 331,000
Tverrfagleg samarbeid
Inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
+1
Overlege psykiatri
Overlege psykiatri

Arbeidsplassen • Ålesund

On-site
NOK 1,150,000 - 1,650,000
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Overlege psykiatri
Overlege psykiatri

Central Norway Regional Health Authority • Ålesund

On-site
NOK 1,200,000 - 1,700,000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
+1
Sjukepleiestudent/tilkalling/føde-barsel
Sjukepleiestudent/tilkalling/føde-barsel

Arbeidsplassen • Ålesund

On-site
NOK 248,000 - 331,000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Inkluderande arbeidsplass
Løn etter overeinskomstar
Overlege palliasjon
Overlege palliasjon

Legar kreftavdelinga, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 1,200,000 - 1,800,000
Offentleg pensjonsordning
Fordelaktige forsikringsvilkår