Psykolog

POLIKLINIKK PSYKISK HELSE DPS MOLDE, Helse Møre og Romsdal HF

Molde

On-site

NOK 700,000 - 900,000

Full time

4 days ago
Be an early applicant
Application generator

Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.

Get past ATS filters

Job summary

Poliklinikk psykisk helse DPS Molde søkjer ein kollega til å bidra i behandlingsarbeidet for pasientar med psykiske lidingar. Stillinga er eit vikariat i seks månader, med moglegheit for forlenging i opptil eitt år, og er knytt til eit tverrfagleg team.

Du vil delta i utgreiing, behandling og utviklingsarbeid, inkludert oppstart av tilbod om e-behandling ved poliklinikken, og du vil samarbeide tett med tilsette i regionalt DPS-miljøet.

Qualifications

  • Erfaring frå lignande arbeid i psykisk helsevern er ein stor fordel

Responsibilities

  • Målretta internt og eksternt tverrfagleg samarbeid
  • Rettleiing og undervisning
  • Delta i utviklingsarbeid og planlegging

Skills

Erfaring frå lignande arbeid i psykisk

Job description

Vi har no ei ledig stilling i seksjonen vår. Vikariatet er på seks månader, med moglegheit for forlenging i inntil eitt år. Vi søkjer ein kollega som er interessert i og engasjert for pasientar med psykiske lidingar.
Stillinga er knytt til ett av allmennteama våre. Teamet tilbyr utgreiing og behandling for eit breitt spekter av psykiske lidingar hos pasientar med rett til behandling i spesialisthelsetenesta. I tillegg til å arbeide i eit tverrfagleg samansett team, vil du få moglegheit til å knyte deg til ulike kompetansegrupper innan traume, nevropsykologi, eteforstyrringar og personlegdomsforstyrringar. Stillinga vil òg vere knytt til oppstart av eit tilbod om e-behandling ved poliklinikken.

Klinikk for psykisk helse og rus består av fem avdelingar og 27 seksjonar. Poliklinikk psykisk helse DPS Molde høyrer til Avdeling for distriktspsykiatrisk senter (DPS) Nordmøre og Romsdal. Poliklinikken er organisert i fleire team: to allmennteam, gruppeteam, ROP-team, fylkesdekkjande spesialpoliklinikk for DBT og OCD, eit firedagarsteam (B4DT), ambulant akutteam, FACT og eit merkantilt team.
Poliklinikken har over 50 fagstillingar, mellom anna overlegar i psykiatri, legar i spesialisering, psykologspesialistar, psykologar, spesialergoterapeutar, psykiatriske sjukepleiarar og kliniske sosionomar.
Vi legg stor vekt på teamarbeid, godt samarbeid og god kollegastøtte. Dersom du har spørsmål om stillinga eller dei ulike teama, er du velkomen til å ta kontakt med seksjonsleiar.

  • Målretta internt og eksternt tverrfagleg samarbeid
  • Rettleiing og undervisning
  • Delta i utviklingsarbeid og planlegging
Kvalifikasjonar
  • Erfaring frå lignande arbeid i psykisk helsevern er ein stor fordel
Personlege eigenskapar
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
  • Personlege eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
  • Rekrutteringstillegg for psykologar og psykologspesialistar
  • Moglegheit å nytte ei spesifikk tilnærming i behandlinga
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Allmenn- og alderspsykiatri døgn SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Psykolog
Psykolog

Helse Midt-Norge RHF • Molde

On-site
NOK 680,000 - 860,000
Inkluderande arbeidsplass
Tilrettelegging for spesialisering
Fagutvikling og kompetansegrupper
Overlege innan psykiatri
Overlege innan psykiatri

Alderspsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF • Gujorda

On-site
NOK 1,100,000 - 1,650,000
Overlege innan psykiatri
Overlege innan psykiatri

Central Norway Regional Health Authority • Hjelset

On-site
NOK 1,100,000 - 1,400,000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
+1
Psykolog
Psykolog

Maria Oppigård Nilssen • Molde

On-site
NOK 650,000 - 800,000
Inkluderende arbeidsplass
Rekrutteringstillegg for psykologar og
Spesialisering og fagutvikling
+5
Helsesekretær/sekretær
Helsesekretær/sekretær

Arbeidsplassen • Kristiansund

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Offentleg pensjonsordning
Forsikringsvilkår
Inkluderande arbeidsplass
Overlege psykiatri
Overlege psykiatri

Hnt • Ålesund

On-site
NOK 1,100,000 - 1,500,000
Sjukepleiar/Vernepleiar
Sjukepleiar/Vernepleiar

Arbeidsplassen • Ålesund

On-site
NOK 550,000 - 650,000
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsord
+1
Sjukepleiar/Vernepleiar/ Barnevernspedagog/Sosionom
Sjukepleiar/Vernepleiar/ Barnevernspedagog/Sosionom

Central Norway Regional Health Authority • Ålesund

On-site
NOK 480,000 - 720,000
Sjukepleiar/Vernepleiar
Sjukepleiar/Vernepleiar

Helse Midt-Norge RHF • Ålesund

On-site
NOK 550,000 - 650,000
Godt arbeidsmiljø
Internundervisning
Tverrfaglig samarbeid
+1
Lege i spesialisering innan rus- og avhengighetsmedisin
Lege i spesialisering innan rus- og avhengighetsmedisin

Central Norway Regional Health Authority • Ålesund

On-site
NOK 750,000 - 950,000
Tett rettleiing frå erfarne overlegar
Inkluderande tverrfagleg miljø
Offentleg pensjonsordning og forsikr V