Sjukepleiar/spesialsjukepleiar

Hnt

Gujorda

On-site

NOK 520,000 - 780,000

Full time

28 hours ago
Be an early applicant
Application generator

Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.

Get past ATS filters

Job summary

Helse Møre og Romsdal søker sjukepleiarar til nattestillingar ved Medisin 3. Stillingane er i første omgang knytte til natt, men vi prøver å imøtekomme ønskje om turnus og tilrettelegging. Vi tilbyr eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter.

Du blir ein del av eit tett tverrfagleg team, og vil arbeide for trygge og gode pasientforløp. Hos oss får du rettleiing av studentar og kollegaer, og vi legg vekt på fagleg utvikling og godt arbeidsmiljø.

Qualifications

  • Norsk språkferdigheiter i skriftleg og munnleg er nødvendig.
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar må vere i orden.

Responsibilities

  • Gjere seg kjend med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrar og retningsliner
  • Rettleiing av studentar og kollegaer
  • Samhandling med kommunehelsetenesta

Skills

Norsk språk (skriftleg/munnleg)

Education

Norsk autorisasjon som sjukepleiar

Job description

Stillingane er for tida knytte til natt, men vi er opptekne av å finne gode løysingar og prøver så langt det let seg gjere å imøtekome ønskje om turnus og tilrettelegging.

Medisin 3 har 25 sengeplassar innan fagområda hjarte, infeksjon og geriatri. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med faglege utfordringar og gode moglegheiter for å utvikle brei klinisk kompetanse. Vi har fagsjukepleiarar innan alle fagområda, og satsar på fagleg utvikling gjennom fagdagar, internundervisning og læring i kvardagen.
Vi er stolte av arbeidsmiljøet vårt. Her blir du ein del av ei inkluderande og engasjert kollegagruppe som støttar kvarandre, deler kunnskap og arbeider saman for å gi best mogleg pasientbehandling. Kvardagen er prega av tett samarbeid i tverrfaglege team, der alle bidreg med sin kompetanse for å skape trygge og gode pasientforløp.

Vi tilbyr tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg, samt moglegheit for frivillige langvakter på vekedagar og helger. For dei som ønskjer det, kan langvakter gi arbeid kvar fjerde helg. Vi ønskjer å leggje til rette for ein god balanse mellom jobb og fritid.

  • Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrar og retningsliner
  • Rettleiing av studentar og kollegaer
  • Samhandling med kommunehelsetenesta
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Du må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
  • Du er ansvarsbevisst og likar varierte utfordringar
  • Du bidreg til vårt gode arbeidsmiljø

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Spesialsjukepleiar
Spesialsjukepleiar

Hnt • Gujorda

On-site
NOK 600,000 - 750,000
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

Hnt • Gujorda

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Tilkallingsvikar – sjukepleiar/ sjukepleiarstudent
Tilkallingsvikar – sjukepleiar/ sjukepleiarstudent

Hnt • Gujorda

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Tilkallingsvikar – sjukepleiar/ sjukepleiarstudent
Tilkallingsvikar – sjukepleiar/ sjukepleiarstudent

Hnt • Hjelset

On-site
NOK 320,000 - 420,000
Tilkallingsvikar – sjukepleiar/ sjukepleiarstudent
Tilkallingsvikar – sjukepleiar/ sjukepleiarstudent

Sengepost Kirurgi 1 SNR, Helse Møre og Romsdal HF • Gujorda

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Gode pensjonsordningar og forsikringsk
Tilkallingsvikar som fastvakt ved SNR Hjelset
Tilkallingsvikar som fastvakt ved SNR Hjelset

Hnt • Hjelset

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Meiningfulle arbeidsoppgåver
Opplæring og støtte
Ein viktig forskjell
Tilkallingsvikar som fastvakt ved SNR Hjelset
Tilkallingsvikar som fastvakt ved SNR Hjelset

Hnt • Gujorda

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Sjukepleiestudent/tilkalling/føde-barsel
Sjukepleiestudent/tilkalling/føde-barsel

Arbeidsplassen • Ålesund

On-site
NOK 248,000 - 331,000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Inkluderande arbeidsplass
Løn etter overeinskomstar
Psykiatrisk Sjukepleiar
Psykiatrisk Sjukepleiar

Hnt • Ålesund

On-site
NOK 550,000 - 700,000
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

Hnt • Ålesund

On-site
NOK 550,000 - 700,000