Psykiatrisk Sjukepleiar

Hnt

Ålesund

On-site

NOK 550,000 - 700,000

Full time

40 hours ago
Be an early applicant
Application generator

Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.

Get past ATS filters

Job summary

Helse Møre og Romsdal søkjer engasjert psykiatrisk sjukepleiar til fast stilling i våre allmennteam i Ålesund. Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø med brei kompetanse innan utgreiing og behandling av psykiske lidingar.

Vi tilbyr eit aktivt utviklingsmiljø med tidleg rettleiing og eit breitt fagfellesskap; du vil arbeide med ISTDP, EFT, CBT, EMDR og PE og bidra til utvikling av framtidsretta behandlingstilbod.

Qualifications

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Erfaring frå psykisk helsearbeid i kommunehelseteneste eller spesialisthelseteneste.
  • Erfaring frå poliklinisk arbeid er ein fordel.
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid og koordinering av pasientforløp er ønskjeleg.

Responsibilities

  • Poliklinisk utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med psykiske lidingar.
  • Ansvar for eigne pasientforløp med vekt på kvalitet, kontinuitet og pasientmedverknad.
  • Gjennomføre individuelle samtalar og behandlingstiltak tilpassa pasienten sine behov.
  • Bidra med sjukepleiarfagleg kompetanse i team og fagmiljø.
  • Delta i fagutvikling og vidareutvikling av poliklinikken sine behandlingstilbod.
  • Delta i tverrfagleg samarbeid kring vurdering, behandling og oppfølging av pasientar.

Skills

Norsk autorisasjon
Psykisk helsearbeid
Tverrfagleg samarbeid

Job description

Vi søkjer ein engasjert psykiatrisk sjukepleiar til fast stilling i våre allmennteam.

Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med brei kompetanse innan utgreiing og behandling av psykiske lidingar, og får moglegheit til å bidra i utviklinga av eit framtidsretta og innovativt behandlingstilbod. DPS Poliklinikk Ålesund består av sju behandlingsteam; eit gruppebehandlingsteam, eit ROP-team, eit tidleg avklaringsteam og fire allmennteam med ulik fagleg profil. Allmennteama omfattar to generalistteam, eit traumeteam og eit nevropsykiatrisk team. Dette gir høve til både breidde og fordjuping i klinisk arbeid.

Hos oss blir du del av eit aktivt og utviklingsorientert fagmiljø med brei terapeutisk kompetanse. Vi arbeider mellom anna med intensiv dynamisk korttidsterapi (ISTDP), emosjonsfokusert terapi (EFT), kognitiv åtferdsterapi (CBT), EMDR og Prolonged Exposure (PE), og legg til rette for fagleg utvikling gjennom samarbeid, rettleiing og kompetansedeling på tvers av team. Vi er opptekne av kontinuerleg utvikling av behandlingstilbodet. I løpet av hausten startar vi arbeidet med å etablere B4DT (fire dagars behandling) for angstlidingar. Vi ser på moglege løysingar innan eBehandling. Poliklinikkane innan psykisk helsevern i Helse Møre og Romsdal har også teke i bruk kunstig intelligens som støtte i journalskriving, med gode erfaringar.

Hos oss møter du eit inkluderande fagmiljø med høg kompetanse. Vi har eit godt etablert rettleiingstilbod og stor interesse for fagutvikling og innovasjon. Vi legg vekt på stabile og samanhengande pasientforløp. Derfor søkjer vi medarbeidarar som ønskjer å vere ein langsiktig del av eit godt arbeidsmiljø, og som er opptekne av relasjonsbygging, samarbeid og kvalitet i pasientbehandlinga.

Vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der medarbeidarar kan utvikle seg gjennom heile karrieren. Hos oss møter du eit sterkt tverrfagleg fagmiljø der psykologar, psykologspesialistar, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar og andre faggrupper arbeider tett saman for å gi best mogleg behandling. Kombinasjonen av brei pasientportefølje, høg spesialistkompetanse, ulike terapeutiske retningar og eit aktivt fagfellesskap gir gode moglegheiter for både fagleg fordjuping, læring på tvers av profesjonar og videre utvikling.
Ved intern omrokkering kan vikariat verte ledig.

  • Poliklinisk utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med psykiske lidingar
  • Ansvar for eigne pasientforløp med vekt på kvalitet, kontinuitet og pasientmedverknad
  • Gjennomføre individuelle samtalar og behandlingstiltak tilpassa pasienten sine behov
  • Bidra med sjukepleiarfagleg kompetanse i team og fagmiljø
  • Delta i fagutvikling og vidareutvikling av poliklinikken sine behandlingstilbod
  • Delta i tverrfagleg samarbeid kring vurdering, behandling og oppfølging av pasientar
  • Oppfølging av pasientar som er under pågåande ADHD-medisinering, kan vere ei aktuell oppgåve
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring frå psykisk helsearbeid i kommunehelseteneste eller spesialisthelseteneste
  • Erfaring frå poliklinisk arbeid er ein fordel
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid og koordinering av pasientforløp er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
  • Du skaper tillit og gode relasjonar til pasientar og pårørande
  • Du bidreg til stabile og samanhengande pasientforløp
  • Du samarbeider godt med kollega og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
  • Du ønskjer å vere ein aktiv bidragsytar i eit etablert fagfellesskap

Personleg eignaheit vil vert tillagt stor vekt ved tilsetting.

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Sjukepleiar/Vernepleiar/ Barnevernspedagog/Sosionom
Sjukepleiar/Vernepleiar/ Barnevernspedagog/Sosionom

Central Norway Regional Health Authority • Ålesund

On-site
NOK 480,000 - 720,000
Overlege psykiatri
Overlege psykiatri

Hnt • Ålesund

On-site
NOK 1,100,000 - 1,500,000
Overlege psykiatri
Overlege psykiatri

Central Norway Regional Health Authority • Ålesund

On-site
NOK 1,200,000 - 1,700,000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
+1
Assistent
Assistent

Arbeidsplassen • Ålesund

On-site
NOK 248,000 - 331,000
Tverrfagleg samarbeid
Inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
+1
Overlege psykiatri
Overlege psykiatri

Arbeidsplassen • Ålesund

On-site
NOK 1,150,000 - 1,650,000
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

Nyfødt intensiv Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Ein spennande og givande arbeidsplass
Gode kollegaer og opplæring
Offentlig pensjonsordning
+1
Sjukepleiar/Vernepleiar
Sjukepleiar/Vernepleiar

Central Norway Regional Health Authority • Ålesund

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Sjukepleiar
Sjukepleiar

Medisinsk sengepost 2 / Medisinsk poliklinikk Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF • Ålesund

On-site
NOK 550,000 - 730,000
Psykolog
Psykolog

Hnt • Molde

On-site
NOK 360,000 - 480,000
Lege i spesialisering, fysikalsk medisin og rehabilitering
Lege i spesialisering, fysikalsk medisin og rehabilitering

Hnt • Ålesund

On-site
NOK 800,000 - 950,000
Rabattavtaler på treningssenter og运动sk
Deltaking i seksjonen si eiga løpe- og