A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Bergen HF søker sjukepleiar til alderspsykiatrisk sengepost ved Haukelandsområdet i Bergen. Stillinga er 100% fast med arbeid dag og kveld, og kvar tredje helg. Omgåande ledig.
Du vil gi helhetlig oppfølging og omsorg til eldre pasientar med psykiske lidingar, inkludert medikamenthandtering og tverrfagleg samarbeid. Vi krev norsk autorisasjon med vidareutdanning innan psykisk helse eller geriatri, samt sterke IKT-kunnskapar og evne til å arbeide sjølvstendig i eit travelt miljø.
Psykiatrisk Klinikk er ein av seks klinikkar i Divisjon psykisk helsevern. Klinikken er lokalisert både på Sandvikenområdet og på Haukelandsområdet. Seksjon for alderspsykiatri held til på Haukelandsområdet og har no lokalisering i Glasblokkene.
Seksjon for alderspsykiatri er ei døgneining med 12 sengeplassar, samt ambulante tenester. Seksjonen greier ut og behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, eller mellom psykiatrisk sjukdom og biologisk, psykologisk eller sosiale aldringsfenomen. Døme kan vere alvorleg depresjon, invalidiserande angstliding og akutt forvirringstilstand, ofte med organiske årsaker. Vi tar også imot pasientar med uavklart kognitiv svikt med psykiatriske tilleggssymptom, paranoide tilstandar og andre funksjonelle lidingar.
Døgneininga har ein ledig fast 100% fast stilling ved alderspsykiatrisk sengepost, med arbeid dag og aften, og kvar 3. helg. Stillinga er ledig omgående.
Vi oppfordrer alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.