A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Psykiatrisk Klinikk ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen søkjer ei 100% fast stilling ved alderspsykiatrisk sengepost. Arbeidet omfattar dag- og kveldsvakter, kvar tredje helg, og start omgåande.
Du vil gi helhetleg oppfølging av eldre pasientar med psykisk sjukdom, yte støtte til pårørande og handtere medikamenthandtering samt delta i tverrfaglege møter og kvalitetsarbeid.
Psykiatrisk Klinikk er ein av seks klinikkar i Divisjon psykisk helsevern. Klinikken er lokalisert både på Sandvikenområdet og på Haukelandsområdet. Seksjon for alderspsykiatri held til på Haukelandsområdet og har no lokalisering i Glasblokkene.
Seksjon for alderspsykiatri er ei døgneining med 12 sengeplassar, samt ambulante tenester. Seksjonen greier ut og behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, eller mellom psykiatrisk sjukdom og biologisk, psykologisk eller sosiale aldringsfenomen. Døme kan vere alvorleg depresjon, invalidiserande angstliding og akutt forvirringstilstand, ofte med organiske årsaker. Vi tar også imot pasientar med uavklart kognitiv svikt med psykiatriske tilleggssymptom, paranoide tilstandar og andre funksjonelle lidingar.
Døgneininga har ein ledig fast 100% fast stilling ved alderspsykiatrisk sengepost, med arbeid dag og aften, og kvar 3. helg. Stillinga er ledig omgående.
Vi oppfordrer alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Lisa Hartveit, Ass seksjonsleiar, 41007857
Haukelandsveien 22
5021Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5209646586
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av flere tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Faste stillingar for sjukepleiar og vernepleiar frå sommaren 2027 i Psykiatrisk klinikk
Faste stillingar på natt for sjukepleiar/vernepleiar