A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Bergen søkjer til alderspsykiatrisk sengepost ved Haukeland universitetssjukehus ei fast 100% stilling. Arbeidet skjer dag og kveldstid, samt kvar tredje helg.
Seksjonen handterer alvorlege aldringspsykiatriske tilstandar og samarbeider tett med andre instansar og avdelingar. Du må vere sjukepleiar med norsk autorisasjon og vidareutdanning innan psykisk helse eller geriatri, og beherske norsk skriftlig og munnleg flytande.
Psykiatrisk Klinikk er ein av seks klinikkar i Divisjon psykisk helsevern. Klinikken er lokalisert både på Sandvikenområdet og på Haukelandsområdet. Seksjon for alderspsykiatri held til på Haukelandsområdet og har no lokalisering i Glasblokkene.
Seksjon for alderspsykiatri er ei døgneining med 12 sengeplassar, samt ambulante tenester. Seksjonen greier ut og behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, eller mellom psykiatrisk sjukdom og biologisk, psykologisk eller sosiale aldringsfenomen. Døme kan vere alvorleg depresjon, invalidiserande angstliding og akutt forvirringstilstand, ofte med organiske årsaker. Vi tar også imot pasientar med uavklart kognitiv svikt med psykiatriske tilleggssymptom, paranoide tilstandar og andre funksjonelle lidingar.
Døgneininga har ein ledig fast 100% fast stilling ved alderspsykiatrisk sengepost, med arbeid dag og aften, og kvar 3. helg. Stillinga er ledig omgående.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspelege mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.