Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Regional sikkerheitsavdeling søker to faste 20% helgestillingar i Bergen. Stillinga inneber oppfølging av pasientar i samsvar med behandlingsplan, og bidra til eit trygt miljø for pasientar og personale. Vi søkjer deg som er initiativrik, ansvarleg og treng fleksibilitet i eit travelt helsearbeidsmiljø.
Du bør vere interessert i helsefagleg utdanning eller vere student medan du arbeider i eit tverrfagleg team, og vere utviklingsorientert med god teamevne.
Regional sikkerheitsavdeling har ledig 2 faste 20% helgestillingar.
Regional sikkerheitsavdeling er ein av sengepostane i Klinikk sikkerheitspsykiatri.
I sikkerheitspsykiatrien arbeider vi med menneske som har alvorlege psykiske lidingar og samtidig behov for eit høgt tryggleiksnivå. Vårt samfunnsoppdrag er å kombinere behandling, omsorg og tryggleik på ein måte som fremjar meistring, utvikling og håp. Vi arbeider i tverrfaglege team der ulike fagperspektiv blir samla rundt pasienten. Her får du vere med på å skape utvikling gjennom relasjonsarbeid, miljøterapi, psykoterapi og fysisk aktivitet.
Vil du vere med å skape endring der andre ser utfordringar?
For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn om å søke.
Vi oppfordrer alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.