A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)/ Akuttposten i Haukeland universitetssjukehus søker psykolog som skal arbeide med barn og ungdom inntil 18 år. Stillingen er knytt til Akuttpostens øyeblikkeleg Hjelp og involverer observasjon, utreding og behandling i eit døgnbemanna miljø.
Du kjem til å samarbeide tett med miljøterapeutar og andre psykologar/legar, og må vere i stand til å bidra til eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø.
Då ein av våre psykologar skal over i vaksenpsykiatri treng vi deg som vår nye psykolog og kollega. PBU Akuttposten er ein døgnbemanna post med kapasitet til 8 pasientar. Vi held til i 2. etg. i Glasblokkene på Haukeland universitetssjukehus. Målgruppa vår er barn/ungdom opptil 18 år med psykiske lidingar, som er innlagd frivillig eller under tvang.
Oppgåvene våre er knytt til observasjon, utgreiing, utarbeiding/ utprøving av tiltak og behandling. Posten er tverrfagleg bemanna med miljøterapeutar med hovudvekt på sjukepleiarar og vernepleiarar, samt barnevernspedagogar og studentar innan helse- og sosialfag. På behandlarsida har vi barne- og ungdomspsykiater, psykolog/ psykologspesialistar, samt legar i spesialisering (LIS).
Alle i personalgruppa skal fortrinnsvis ha særskild kompetanse for å arbeide med ungdom med psykisk liding. For å oppretthalde samansettinga av personalgruppa oppfordrast menn til å søke.

Vedkommande som får tilbod om tilsetting, må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Andre Olsen,ass. seksjonsleiar,55975756
Nina A. Auro,Seksjonsleiar,55975753
Haukelandsbakken 1
5021Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5206224510
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2026
Seksjonsleiar
ass. seksjonsleiar
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av flere tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.