Sommarvikar 2027

Prehospital avdeling, Helse Førde

Førde

Presencial

NOK 716.000 - 882.000

Jornada completa

Hace 2 días
Sé de los primeros/as/es en solicitar esta vacante

Consigue una respuesta de este empleador

Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.

Supera los filtros ATS

Ventajas ofrecidas por este puesto de trabajo

Lønn iht. gjeldande overeinskomst
IA-bedrift
Pensjons- og forsikringsordningar
Dekning av C1 førehandskort-utlegg

Descripción de la vacante

Prehospital avdeling i Helse Førde søker sommarvikarar for perioden 21.06.2027–22.08.2027. Stasjonen har døgn- og dagvakter og 2 ambulansebåtar. Søkjar må vere budd på arbeid ved fleire stasjonar og dokumentere norskkunnskap dersom søkjer frå utlandet.

Arbeidsoppgåver inkluderer beredskap for oppdrag, deltaking i anna helseteneste og gjennomføring av fag- og prosjektarbeid for kompetanseutvikling i ambulanseteam.

Formación

  • Autorisasjon som ambulansearbeidar eller ambulanseassistent.
  • Førarkort B og C1 må vere på plass før første ordinære vakt.
  • Utrykkingskompetanse K160 er ein fordel.
  • Krav om god norskkunnskap skriftleg og munnleg for utanlandssøkarar.
  • Gjennomgått trinn-utsjekk og klinisk praksis som vilkår for kompetansekrava.

Responsabilidades

  • Beredskap for og gjennomføring av ambulanseoppdrag.
  • Deltaking i anna helseteneste og beredskapsretta arbeid.
  • Fag- og prosjektarbeid med mål om kompetanseutvikling i ambulanseteam.

Conocimientos

Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
Evne til å jobbe sjølvstendig
God datakompetanse

Educación

Ambulanseautorisasjon
Førarkort B/C1

Herramientas

MS Office

Descripción del empleo

Prehospital avdeling søkjer sommarvikarar for perioden 21.06.2027-22.08.2027.

Prehospital avdeling består av ambulanseseksjonane og AMK Førde som ligg organisert i Kirurgisk klinikk. Ambulansetenesta består av 19 døgnambulansar og 8 dagambulansar. Dette i tillegg til 2 moderne ambulansebåtar som dekkjer kystlinja vår frå stasjonane i Solund og Florø.

Tenesta har omlag 230 tilsette fordelt på våre 16 stasjonar i helseføretaket sitt nedslagsfelt. Vi har eiga særavtale for kompetansetillegg for ambulansearbeidarar.

Stasjonane har ulike vaktordningar og vanlegvis døgnvakter med vakt på vaktrom, ca 2 døgnvakter per veke, eventuelt med kombinasjon av dagbilvakter på 10-12 timar aktiv tid. For å optimalisere bruk av vikarar, kan det bli førespegla arbeid ved fleire stasjonar innanfor same arbeidsavtale.

Det må kome fram i søknaden kva nedslagsfelt vikaren ønskjer å jobbe i (Nordfjord, Sunnfjord eller Sogn) og kva tidsrom innanfor vikarperioden søkjaren kan arbeide.
Vi forbeheld oss retten til å selektere vikarar ut frå kva arbeidskapasitet som kan leggast til grunn. Vikarar må vere budd på å jobbe ved ulike stasjonar.
Søkarar utenfor Skandinavia må dokumentere gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

Arbeidsoppgåver
  • Beredskap for og gjennomføring av ambulanseoppdrag
  • Deltaking i anna helseteneste og beredskapsretta arbeid
  • Fag- og prosjektarbeid med mål om kompetanseutvikling i ambulanseteam og eigentrening.
  • Kontroll, vedlikehald og reingjering av beredskapsutstyr og ambulansar
  • Reinhald og klargjering av utstyr, uniformar og stasjon
  • Førefallande arbeid på stasjonen og elles i avdelinga
  • Det er utarbeidd stillingsomtale for stillinga
Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som ambulansearbeidar eller ambulanseassistent.
  • Søkjarar med helseautorisasjon som sjukepleiar er aktuelle søkjarar om ein kan vise til bestått vikarkurs/forskriftskurs (trinn-utsjekk) og klinisk praksis som vilkår for å stette kompetansekrava i akuttmedisinforskrifta
  • Studentar som til våren er ferdig med 2.års paramedisin, 3 års sjukepleiestudie, eller 3. års medisinerstudent, sjå helse-forde.no / ambulansetenesta /jobbmoglegheiter / kvalifikasjonskrav, under føresetnad av bestått trinn-utsjekk før ordinær vakt.
  • Førarkort kl. B og C1. C1 må vere på plass før første ordinære vakt.
  • Utrykkingskompetanse K160 er ein fordel
  • Bestå dei fysiske krava for tenesta
  • God datakompetanse og erfaring med bruk av MS Officeprogram
  • Den tilsette må delta på og bestå obligatorisk opplæring, interne kurs, og nødvendig etterutdanning i tråd med tenesta sin gjeldande kompetanseplan
Personlege eigenskapar
  • Imøtekomande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
  • Pasientorientert med respekt for den einskilde pasient
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, men og vere ein god teamarbeidar
  • Trivst med å jobbe i eit team med tidvis hektisk og høg aktivitet
  • Pliktoppfyllande
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • God fysisk- og psykisk helse
  • Villig til kontinuerlig å søkje fagleg utvikling og delta i kurs og fagaktivitetar i regi av føretaket sin vedtatte kompetanseplan
Vi tilbyr
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
  • Triveleg arbeidsmiljø med høve til å påverke eigen arbeidsplass
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Kompetanseutvikling i form av fagstige
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Inntil kr 12.500 årleg for å dekke utlegg for C1 førarkort dersom arbeid i 6 veker gjennom sommaren 25. Inntil kr 25.000 over to år.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kjartan Kristian Heggø, Seksjonsleiar, 415 30 507
Frank Haukereid Reksnes, Seksjonsleiar, 412 86 285

Arbeidssted

Svanehaugvegen 6
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5204273114
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 17.01.2027

Seksjonsleiar

Kjartan Kristian Heggø

Seksjonsleiar

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Consigue la evaluación confidencial y gratuita de tu currículum.

o arrastra y suelta tu archivo aquí

Similar jobs

Puestos de trabajo similares que vale la pena comparar

Sommarvikar 2027
Sommarvikar 2027

Helse Stavanger • Førde

Presencial
NOK 11.000 - 14.000
Pensjons- og forsikringsordningar
Førerkortutgifter
Assisterande seksjonsleiar
Assisterande seksjonsleiar

Ambulanseområde Sunnfjord, Helse Førde • Førde

Presencial
NOK 700.000 - 900.000
Pensjons- og forsikringsordningar
IA-bedrift
Inkluderande arbeidsliv
Helsefagarbeidar med hjarte for kreftomsorg? Vi treng deg!
Helsefagarbeidar med hjarte for kreftomsorg? Vi treng deg!

Kreft sengepost, Helse Førde • Førde

Presencial
NOK 520.000 - 660.000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mentorordning og god opplæring
Internundervisning, fagdager, rettlei링
Seksjonsleiar
Seksjonsleiar

Medisinsk avdeling, Helse Førde • Førde

Presencial
NOK 900.000 - 1.100.000
Pensjonsordningar
Forsikringsordningar
Sjukepleiarar
Sjukepleiarar

Ortopedi sengepost Førde, Helse Førde • Førde

Presencial
NOK 750.000 - 900.000
Lønn etter overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Inkluderande arbeidsmiljø
LIS-vikar sommaren 2027
LIS-vikar sommaren 2027

Nevrologi legar, Helse Førde • Førde

Presencial
NOK 800.000 - 1.000.000
Hjelp med å skaffe bustad
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Lønn i samsvar med gjeldande overeinsk
+1
Vernepleiar
Vernepleiar

PSK døgn sikkerheit, Helse Førde • Førde

Presencial
NOK 620.000 - 740.000
Opplæring
Turnusordning med moglegheit for langv
Lønn i samsvar med gjeldande overeinsk
+1
Helsefagarbeidar med hjarte for kreftomsorg? Vi treng deg!
Helsefagarbeidar med hjarte for kreftomsorg? Vi treng deg!

Helse Førde • Førde

Presencial
NOK 420.000 - 520.000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Internundervisning
Fagdager og rettleiing
Assisterande seksjonsleiar
Assisterande seksjonsleiar

Helse Førde • Førde

Presencial
NOK 900.000 - 1.200.000
Pensjons- og forsikringsordningar
IA-bedrift
Inkluderande arbeidsmiljø
Vi søkjer vikarar til sommaren 2027
Vi søkjer vikarar til sommaren 2027

Helse Stavanger • Førde

Presencial
NOK 276.000 - 331.000
Løn i samsvar med overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Ubicaciones