A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Førde HF søker sommarvikarar til Prehospital avdeling for perioden 21.06.2027–22.08.2027. Vikarane må vere budd på arbeid ved ulike stasjonar og dokumentere gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg dersom ein kjem frå utlandet.
Avdelinga inkluderer 19 døgnambulanser, 8 dagambulanser og to ambulansebåtar. Lønn og pensjonsordningar følgjer gjeldande overeinskomst, og søknad kan lastast opp vitnemål via Vitnemålsportalen.
Prehospital avdeling søkjer sommarvikarar for perioden 21.06.2027-22.08.2027.
Prehospital avdeling består av ambulanseseksjonane og AMK Førde som ligg organisert i Kirurgisk klinikk. Ambulansetenesta består av 19 døgnambulansar og 8 dagambulansar. Dette i tillegg til 2 moderne ambulansebåtar som dekkjer kystlinja vår frå stasjonane i Solund og Florø.
Tenesta har omlag 230 tilsette fordelt på våre 16 stasjonar i helseføretaket sitt nedslagsfelt. Vi har eiga særavtale for kompetansetillegg for ambulansearbeidarar.
Stasjonane har ulike vaktordningar og vanlegvis døgnvakter med vakt på vaktrom, ca 2 døgnvakter per veke, eventuelt med kombinasjon av dagbilvakter på 10-12 timar aktiv tid.For å optimalisere bruk av vikarar, kan det bli førespegla arbeid ved fleire stasjonar innanfor same arbeidsavtale.
Det må kome fram i søknaden kva nedslagsfelt vikaren ønskjer å jobbe i (Nordfjord, Sunnfjord eller Sogn) og kva tidsrom innanfor vikarperioden søkjaren kan arbeide.
Vi forbeheld oss retten til å selektere vikarar ut fra kva arbeidskapasitet som kan leggast til grunn. Vikarar må vere budd på å jobbe ved ulike stasjonar.
Søkarar utenfor Skandinavia må dokumentere gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
H else Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.